Heim/Måløy vidaregåande skule/Opplæringstilbod/YSK/TAF-utdanninga/YSK/TAF Helsefagarbeidar
YSK Helse 1024 435

Velkommen til infosida om YSK/TAF-Helsefagarbeidar

Måløy Vidaregåande Skule tilbyr ei utdanning som gir deg fagbrev som helsefagarbeidar og spesiell studiekompetanse med fordjuping i realfag. Dette er eit 4-årig løp.


  • Du lærer gjennom praktisk arbeid i lærebedrift og teori på skulen.

  • Du har praksis i ei kommune alle fire åra.

  • Du får løn under utdanning.

  • Du får tilgang til arbeidslivet allereie som 16-åring

  • Du er sikra sommarjobb.

Dei to fyrste åra i opplæringsløpet gjer eleven ferdig programfaga (yrkesfaga) ved sida av dei grunnleggjande faga for studieførebuande.

Første året:

Første året  lærer du korleis du skal gi omsorg og støtte til menneske som treng hjelp. Du vil få grunnleggande teoretiske kunnskap om kroppens oppbygging og funksjoner, førebyggande helsearbeid, kostlære, hygiene, førstehjelp og kva krav som vert stilt til deg i yrkesutøvinga. Du får lære om korleis vi kommuniserer og samhandlar med ulike menneske.

Andre året:

Du lærer om grunnleggande sjukepleie, praktiske hygienetiltak og førebygging av smitte. Du lærer om samanhengen mellom kroppen si oppbygging, funksjon og om sjukdomar. Du lærer også om profesjonell helsehjelp, pleie, omsorg og aktivitetar som fremmer helse, trivsel og livskvalitet. Du lærer kva respekt, toleranse og omsorg for andre har å seie for yrkesutøvinga. Du lærer om kommunikasjon som skaper tryggleik og tillit.

 

Tredje og fjerde året:

Då gjer ein ferdig dei studieførebuande faga som ikkje er fullført i første og andre året for å oppnå spesiell studiekompetanse.

 

Skulefag YSK/TAF-Helsefagarbeidar

VG1

VG2

VG3

VG4

Matematikk 1T

Matematikk R1

Norsk

Norsk

Naturfag

Norsk

Historie

Samfunnsfag

Engelsk

Kroppsøving

Kroppsøving

Kjemi 2

HO-fag (Programfag)

Helsearbeidarfag(programfag)

Fysikk 1

 

 

 

Kjemi 1

 

 

Etter du har fullført YSK/TAF-Helsefagarbeidar så kan du arbeide som helsefagarbeidar, eller du kan studere vidare. Du har då tilgang på dei fleste studiar mellom anna sjukepleie-, lege- og tannlegestudie, farmasi-, fysioterapeut- og jordmorstudiet og mange fleire.

Kontakt

Elvida Grabus

Koordinator YSK/TAF-Helsefagarbeidar
elvida.grabus@sfj.no
415 14 768

Cecilie Bredesen Hamre

Koordinator YSK/TAF-Helsefagarbeidar
cecilie.bredesen.hamre@sfj.no
959 20 493

Relaterte lenker