YSK Akva 1024 368

Velkommen til infosida om YSK/TAF Akvakultur

 

Måløy Vidaregåande Skule tilbyr ei utdanning som gir deg fagbrev som Fagoperatør Akvakultur og spesiell studiekompetanse med fordjuping i realfag. Dette er eit 4-årig løp.

  • Du lærer gjennom praktisk arbeid i lærebedrift og teori på skulen.
  • Du har praksis i ei bedrift alle fire åra.
  • Du får løn under utdanning.
  • Du får tilgang til arbeidslivet allereie som 16-åring
  • Du er sikra sommarjobb.

Dei to fyrste åra i opplæringsløpet gjer elevane ferdig programfaga på yrkesfag ved sidan av dei grunnleggjande faga på studieførebuande.

Skulefag YSK/TAF Akvakultur

VG1

VG2

VG3

VG4

Matematikk 1T

Matematikk R1

Norsk

Norsk

Naturfag

Norsk

Historie

Samfunnsfag

Engelsk

Kroppsøving

Kroppsøving

Kjemi 2

Naturbruksfag, blå (Programfag)

Akvakulturfag programfag)

Fysikk 1

 

 

 

Kjemi 1

 

 

Med eit YSK/TAF-vitnemål i lomma står dei aller fleste dører opne for deg, og du er klar for ei høgare utdanning på høgskule eller universitet. I tillegg har du eit fagbrev som kvalifiserer for yrkeslivet rett etter du er ferdig på vidaregåande skule.

Del dette:

Kontakt

Kariann Myklebust Fagerli
Koordinator YSK/TAF-Akvakultur
kariann.myklebust.fagerli@vlfk.no
936 62 334