Elevar med maskiner på yrkesfag
Elevar med maskiner på yrkesfag

Fagopplæringsnemnda er blant anna oppteken av å framsnakke yrkesfaga og få fram behova for arbeidskraft i det lokale næringslivet.

Vurderte opplæringstilbodet

Fagopplæringsnemnda har vurdert det samla opplæringstilbodet i fylket for skuleåret 2017–18.

Fagopplæringsnemnda tok føre seg desse fem tema på møtet:

  • Dimensjonering opplæringstilbodet
  • Mobilitet
  • Marknadsføring av tilbodet
  • Framsnakking av yrkesfaga
  • Samarbeid mellom dei vidaregåande skulane

Må kunne flytte på seg

Når det gjeld mobilitet, er nemnda oppteken av at søkjarane til læreplassar må vise større mobilitet enn i dag. Dei siste åra har det vore mangel på læreplassar i tettbygde strøk i fylket, medan mange læreplassar har stått ledige i mindre sentrale strøk.

Framsnakking må starte tidleg

Nemnda er også klare på at det å profilere og framsnakke yrkesfaga er svært viktig, og at dette må starte alt i barnehagen og i heimen. Ungdomar i fylket må få informasjon om kva behov det lokale næringslivet har for arbeidskraft.

Les heile uttalen frå fagopplæringsnemnda:

Fagopplæringsnemnda vurderer dimensjoneringa av det samla opplæringstilbodet i fylket for skuleåret 2017-18. Tilbod på einskildskular vert såleis ikkje vurdert og kommentert. For fylkesdekkande tilboda vurderer vi nokre av tilboda.

1. Dimensjonering

Ved dimensjonering av  dei utlyste tilboda er det særskilt viktig å sjå på behova for faglært arbeidskraft i næringslivet og tilgangen på læreplassar. Dette må vektleggast framfor elevane sin ynskje. Innspela frå nærings- og arbeidslivet, opplæringskontora mm viser at det er bra samsvar mellom behova i næringslivet, tilboda i dei vidaregåande skulane og tilgangen på læreplassar.

Fagopplæringsnemnda vil peike på følgjande vedkomande utlysing og dimensjonering av utdanningstilbodet for 2017 -2018:

Bygg- og anleggsteknikk

Vert lyst ut i samsvar med igangsett tilbod 2016 – 17. Behovet innan byggfaga er større enn innan anleggsteknikk. Det er færre læreplassar innan anleggs-, fjell og bergverksfaga.

Transport- og logistikk

Innspel frå opplæringskontora og næringslivet seier det er behov for tre grupper i fylket. Det er god tilgang på læreplassar. Søkjartalet for 2016/17 visste at det ikkje søkjar til meir enn 2 grupper. Det vert tilrådd å lyse ut med tre gruppe. 

Elektrofag

Ingen endringar i utlysinga for skuleåret 16/17. Tilbodet vert lyst ut med 6 grupper elenergi og 2 grupper automasjon. Det har vore problem å skaffe nok læreplassar i elektrikarfaget.

Teknikk og industriell produksjon

Ingen endringar i utlysing av tal grupper. Det er utfordringar med å skaffe nok læreplassar i bilfag og industrimekanikarfag, samstundes som det er ledige læreplassar nokon stader i fylket.

Helse- og oppvekstfag

Ingen endringar i tal utlyste gruppe. Fleire kommunar har engasjert seg for å tilsette fleire lærlingar. Ved seinare utlysingar må vi vere særskilt oppmerksam på dette.

Restaurant- og matfag

Ingen endringar i tal grupper. Det har vore svak søknad til dette faget dei siste åra.

Maritime fag

Ingen endringar i tal grupper.

Dei fylkesdekkande tilboda må lysast ut med same tal grupper som for skuleåret 2016-2017. Vi vil likevel understreke at det er viktig at tilbodet innan vg2 industriell møbelproduksjon vert lyst ut med ei heil gruppe.

2. Mobilitet

Ein læreplass er å sjå på som eit ordinært arbeid. Å ta til i lære er for mange den første ordinære arbeidsplassen. Det er difor viktig å ha mobilitet i å takke og takke ja til læreplass sjølv om ein må flytte på seg. I tettstadane i fylket har det dei siste åra vore mangel på læreplassar, mens i kommunar og verksemder som ligg i meir grisgrendte strøk, har mange læreplassar stått ledige. Det er difor viktig at søkjarane til læreplassar viser større mobilitet enn i dag. Dette må dei folkevalde, skulane, opplæringskontora, administrasjonen, heimane og partane i arbeidslivet vere tydlege på.

3. Marknadsføring av tilbod

Fleire av tilboda rundt i fylket slit med å få nok søkjarar til fylle opp dei utlyste gruppene. Døme på dette er vg2 bilskade, lakk og karosseri, kjemi- og prosessfag, frisørfag, matfag osv.  Det er viktig at skulane, opplæringskontora og næringslivet brukar ressursar til gjere dei ulike tilboda betre kjende for elevane. Meir aktiv profilering og marknadsføring er difor viktig. Denne marknadsføringa må også kunne gjennomførast utfor den kommunen eller regionen der tilbodet/skulen er lokalisert. Ikkje alle skular kan ha alle tilbod. Elevane må kunne flytte seg for å få det tilbodet ein primært ynskjer. Elevane må få betre og meir informasjon gjennom faget utdanningsval.

4. Framsnakking av yrkesfaga

Nærings- og arbeidslivet i fylket og landet vårt etterspør meir faglært arbeidskraft innanfor ei rekkje bransjar. Ofte vert det sagt at mangel på faglært arbeidskraft er hovudgrunnen  til bedriftene ikkje kan vekse eller ta nye oppdrag. I nokre bransjar er det stor "import" av arbeidskraft frå utlandet. Det er difor viktig å profilere og framsnakke yrkesfaga betre enn det vi gjer i dag. Denne informasjonen må starte i barnehagen og heimen. Og den må sjølvsagt halde fram i grunnskulen mm. Elevane må få betre og meir målretta informasjon om behova i det lokale næringslivet for faglært arbeidskraft.

5. Samarbeid mellom dei vidaregåande skulane

Sogn og Fjordane har etter politiske vedtak ein desentalisert struktur på  den vidaregåande skulen. Sidan skulane er relativt små, kan ikkje dei ulike skulane ha alle tilbod innan yrkesfaga. Difor må skulane spesialisere seg på nokre fagområde. Elevgrunnlaget tilseier også at det ikkje er mogeleg å utvikle svært mange tilbod på dei ulike skulane. Difor er det viktig at dei vidaregåande skulane samarbeider så mykje som mogleg. Dette er særleg viktig innan yrkesfaga. Ved å vidareutvikle samarbeidet mellom skular og arbeids - og næringsliv og samstundes utnytte moglegheitene i kryssløp, vil det bidra til å sikre arbeidslivet tilgang på kvalifiser t arbeidskraft.

Samarbeidet må skje både innan undervisning og mellom dei ulike fagområda ved skulane. Samarbeidet mellom vg2 helsefag ved Stryn vidaregåande skule og elektrofag ved Eid vidaregåande skule om velferdsteknologi har fått nasjonal merksemd og er eit svært godt eksempel i vellukka samarbeid.  Denne typen samarbeid må utviklast mellom fleire av skulane i fylke. Dette vil styrke fagmiljøa ved dei skulane og vere med på gjere skulane til betre regionale utviklingsaktørar. Det er i dag stor konkurranse på ulike nivå mellom skulane. Av og til kan dette gje uheldige og utilsikta utslag. Det må difor arbeidast aktivt for å oppnå ein endå betre samarbeidskultur mellom dei ulike skulane.

For meir informasjon

Nils P. Støyva
leiar, fagopplæringsnemnda
nils.petter.stoyva@lo.no
911 03 124

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00