Foto frå konferansen Klimathon i Bergen i mars 2019.
Foto frå konferansen Klimathon i Bergen i mars 2019.

Klimakoordinator i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Ida-Beate Mølmesdal (i midten), var ein av deltakarane på Klimathon 2019. (Foto: Hordaland fylkeskommune)

Viste nye løysingar for klimatilpassing

Digitale verktøy for risikoanalyse, etablering av vasskontor og nye måtar å organisere arbeidet  i kommunane på. Dei 80 deltakarane på Klimathon viste stort engasjement då dei presenterte løysingar for god klimatilpassing.

Klimathon er ei form for hackathon, som er ei tilstelling der IT-utviklarar møtest og samarbeid om utvikling av prototypar, konsept og andre ting. På klimathon er det klima som er nøkkelordet.

Arbeidsforma er gruppearbeid, og kvar gruppe samarbeider konsentrert mot eit felles mål. Klimathon gjekk av stabelen i Bergen sist veke, og deltakarane var frå kommunar, fylkeskommunar, konsulentselskap, forskingsmiljø, statlege organisasjonar og politikk. På kvar gruppe var deltakarar frå heilt forskjellige fag, sektorar og nivå.

Konferanse og arbeidsverkstad

Klimakoordinator Ida-Beate Mølmesdal deltok frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

– Dette er første gong eg deltek på denne typen klimakonferanse kombinert med arbeidsverkstad. Denne aktive måten å jobbe saman på var veldig nyttig. Eg blei kjent med problemstillingar frå ulike vinklar og ståstadar, frå kommunen, forskaren, politikaren og konsulentselskapet, seier Mølmesdal.

Sogn og Fjordane fylkeskommune arrangerte Klimathon saman med Hordaland fylkeskommune, NORCE, CET-senteret og Bjerknessenteret ved UiB, og Vestlandsforsking.

– Det var inspirerande og engasjerande. Kanskje litt «klima-nerdete», men verkeleg kjekt. I tillegg har eg utvida nettverket mitt med spanande og kjekke folk, dette er verkeleg å anbefale, fortel Mølmesdal.


Foto frå konferansen Klimathon i Bergen i mars 2019.

Vasskontor

I den siste delen av konferansen presenterte alle arbeidsgruppene dei nye ideane sine.

– Vi skal leve med vatnet, ikkje mot det, sa Ingerid Pegg i Stavanger kommune då ho presenterte løysingar gruppa hennar hadde kome fram til.

Ho viste korleis fiktive Våtvann kommune skulle etablere eit vasskontor som sørga for at vatn blir tatt grunnleggande omsyn til når kommunen planlegg.

– I staden for å sikre seg mot for eksempel havnivåstigning og flaum, må kommunen planlegge bygginga si slik at dei aktuelle områda tåler påkjenninga dei sjeldne dagane tilhøva er kritiske, seier Pegg.

Klekker ut idear

Årets Klimathon var det andre som er arrangert. Sølve Sondbø, seksjonsleiar for seksjon for klima- og naturressursforvaltning i Hordaland fylkeskommune, fortel at arrangementet er ein viktig møteplass for å klekke ut gode idear. Deltakarane kom frå heile landet.

– Klimathon er eit glimrande eksempel på noko det trengs meir av: samhandling på tvers, kreativ idéverkstad og konkrete forslag nye løysingar, sa Sondbø før postersesjonen der gruppearbeida skulle presenterast.

Arbeidsgruppene kunne velje oppgåver innanfor fire hovudtema: Vatn og meire vatn, natur, landbruk og kulturminne, samfunnstryggleik i eit endra klima og heilskapleg styring, organisering og leiing. Tema støttar opp om det nasjonale arbeidet på feltet.

Digitale verktøy for risikoanalyse

Løysinga til ei av arbeidsgruppene handla om risikoanalysar, såkalla ROS-analysar, som følger med alle plansaker i kommunane, for eksempel ved byggesøknadar. Ideen handla om å utarbeide eit digitalt ROS-analyseverktøy, der dokumentasjon står sentralt i arbeidsprosessen.

– Verktøyet skal vere kopla mot relevante databasar som flomsonekart, skredkart, data for havnivåstigning og topografi, fortel Rasmus Benestad, gruppas representant frå meteorologisk institutt.

Det digitale systemet skal gjere at alle sider av saken blir godt belyste, og skal avdekke om det er område vi treng meir kunnskap på.

For meir informasjon

Ida-Beate Mølmesdal
klimakoordinator
ida-beate.molmesdal@sfj.no
476 04 557

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut