Visste du at ein åttiåring er like trenbar som ein trettiåring, og at kvinner er meir utsett for helseskader av tobakksbruk enn menn?

Verdas helseorganisasjon (WHO) sine dagar; "Verdas aktivitetsdag" er 10. mai 2010 og "Verdas tobakksfrie dag" er 31. mai 2010. Målet med dagane er å setje tobakksførebygging og fysisk aktivitet på dagsorden nasjonalt, regionalt og ikkje minst lokalt.

Fysisk aktivitet for eldre er årets tema på aktivitesdagen. For Verdas tobakksfrie dag er tema kvinner sine røykjevanar versus menn sine røykjevanar fordi kvinner er meir utsett for helseskader av tobakksbruk enn menn. Målet med dagane er å setje tobakksførebygging og fysisk aktivitet på dagsorden. Kommunar, skular og frivillige organisasjonar markerer dagane på kreative måtar, og det er som tidlegare lagt opp til stor lokal fridom. Dersom det er naturleg kan ein gjerne markere dei to dagane saman.

I år vert det ikkje kjøpt inn Gerbera sentralt til Verdas tobakksfrie dag, men det er sett av midlar til å markere dagane frå Helsedirektoratet som også har utarbeidd materiell som kan tingast gratis. Frist for tilbakemelding til Helsedirektoratet er 15.april.

Kontaktperson for Verdas aktivitetsdag er Sigvor Melve sme@helsedir.no tlf 241633
Kontaktperson for Verdas tobakksfrie dag er Mariell Lian mariell.lian@helsedir.no tlf 24163465

Brev til fylkeskommunane og fylesmennene ligg her

Verdas tobakksfrie dag 2010

Verdas aktivitetsdag 2010

Kontaktperson i fylkeskommunen er folkehelsekoordinator Emma Bjørnsen emma.bjornsen@sfj.no
tlf 57825024

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette