Foto av hurtigbåten MS Vingtor i fart på fjorden. Det er sommar, og vi ser bebyggelse i det fjerne.

Foto: Norled.

Vil utvide sommarruta Bergen–Flåm

Fylkesutvalet tilrår fylkestinget å utvide sesongen på ekspressbåten Bergen–Flåm–Bergen med inntil ein månad i kvar retning.

Dersom fylkestinget går for tilrådinga, kan sommarruta køyre frå april til oktober, mot mai til september i dag. Føresetnaden for ei slik utviding er at reiselivsnæringa og operatøren tek ansvaret og den økonomiske risikoen med sesongutvidinga.

Fylkesutvalet er også positivt til intensjonane med å få til ei betre samankopling mellom Flåm og nordsida av Sognefjorden heile året. Reiselivet i Sogn, regionrådet og kommunane langs fjorden har kjempa for å flytte endestoggen til den heilårs Sognebåten frå Sogndal til Flåm.

Fylkesutvalet rår fylkestinget til å be hovudutval for samferdsle og administrasjonen om å gjennomføre drøftingar med Visit Sognefjord og Norled om moglege løysingar for ei slik samankopling.

Fylkestinget handsamar saka om både sommarruta og heilårsruta mellom Bergen og Sogn i møtet i Loen 13. og 14. juni.

For meir informasjon

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no  
479 05 990

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut