To personar som ser på eit spegelblankt kunstverk på bakken.
To personar som ser på eit spegelblankt kunstverk på bakken.

Skulpturane Perler av Mari Røysamb og Ole Rosen. Foto: Øystein Klakegg

Vil løfte kunst i offentlege rom

Kvifor er kunst viktig i fellesromma våre? Korleis involvere og bruke kunst i stadutvikling og som del av planarbeid og utbygging? 19. september blir det seminar om desse spørsmåla i Førde.

«Kunst i offentlege rom» blir arrangert i Førde i september, og er ope for alle. Det er Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane, Norske Kunsthåndverkere Vest-Norge, Sogn og Fjordane Kunstlag, Sogn og Fjordane Kunstmuseum og Sogn og Fjordane fylkeskommune som står bak arrangementet.

Arrangørane ønskjer å få kommunar og politikarar i Sogn og Fjordane og Hordaland med på diskusjon om kunsten si rolle i romma rundt oss. Kunstnarar, arkitektar, eigedomsutviklarar og andre med interesse for temaet er òg invitert til seminaret.

– Kunst har eigenverdi

– Vi må løfte merksemda og kunnskapen om kunst i offentlege rom, og auke viljen til å satse på kunstprosjekt, seier Ingebjørg Erikstad, assisterande fylkesdirektør for næring og kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune og held fram: 

– Kunst har ein eigenverdi og er viktige ytringar. Kunst i offentlege bygg, gater, torg, parkar og andre stader der vi møtast og ferdast er med å utvikle stadane og identiteten vår knytt til ein stad. Den kan skape debatt og bli attraksjonar som folk vil besøke.  

Inspirerande innleiarar

Arrangørane har fått med seg åtte innleiarar som vil inspirere, utfordre og skape debatt. Ein av desse er Tone Einelia, som har jobba med prosjektet «Frå sentrumsdød til sentrumsglød» på Lærdalsøyri dei siste åra. Kunstnar Britt Smelvær, sivilarkitekt Bjørn Are Vollstad og Christel Sverre, ved Kunstbanken Hedmark kunstsenter er også innleiarar.

Hanne Storm Ofteland ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum og Petra Rahm ved Hordaland kunstsenter vil fortelje om ressursar som finst innan feltet, og Per Morten Ekerhovd, komande fylkesdirektør for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune vil fortelje om sine visjonar for kunst i offentlege rom i det nye fylket. KORO, staten sitt fagorgan for kunst i offentlege rom, vil også delta ved kurator Truls Ramberg.

Sjå heile programmet og meir informasjon om innleiarane i faldaren (pdf).

Påmelding

Seminaret er ope for alle. Påmeldingsskjema finn du her. Påmeldingsfrist: 5. september

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Åge Avedal,
rådgjevar
Age.Avedal@sfj.no
970 72 734

Ingebjørg Erikstad
ass. fylkesdirektør næring for næring og kultur
​Ingebjorg.Erikstad@sfj.no
415 30 941

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00