Oversynsbilete over Haukeland sjukehus i Bergen
Oversynsbilete over Haukeland sjukehus i Bergen

Foto: Johannes Vederhus/Wikimedia commons

Vil ha AMK-sentral for luftambulansen på Haukeland

Fellesnemnda sitt arbeidsutval sluttar seg i ei uttale til at lokaliseringa av ein felles AMK-sentral for luftambulansetenesta for helseregionen vert lagt til Haukeland universitetssjukehus.

– Plasseringa av ein eigen AMK-sentral for luftambulansen i Helse Vest handlar om beredskapen til heile helseregionen. Då er regionsjukehuset Haukeland universitetssjukehus det sjølvsagde valet, seier leiar av fellesnemnda AU, fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

I uttalen står det at luftambulansetenesta bidreg til å nå målet om likeverdige tenester for pasientane. Funksjonsdeling mellom sjukehusa og til dels lange avstandar mellom pasient og sjukehus, let seg kompensere ved å bringe ei avansert akuttmedisinsk teneste ut til pasientane og levere rask og trygg transport til sjukehus.

I mai skal  styret i Helse Vest vedta kvar ein felles AMK-sentral for luftambulansane i helseregionen skal liggje. Her i frå skal all luftambulansetrafikk i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane styrast. Dette er ei sentralisering som vil auke kvaliteten og tryggleiken i luftambulansetenesta, uavhengig av plassering.

Koordinering av luftambulansetenesta handlar om, på best mogleg vis, å sikre at pasienten får den best moglege behandlinga. Haukeland universitetssjukehus har den kompetansen som trengs for å fylle alle rollene ein eigen AMK- LA-sentral skal ha. Som regionsjukehus med regionalt traumesenter, er Haukeland den sentrale arenaen når store beredskapshendingar skjer på Vestlandet. Haukeland er det sjukehuset i regionen med størst pasientstraum inn til sjukehuset med luftambulanse. Dei har det mest omfattande kirurgiske tilbodet i regionen innan både nevrokirurgi, thoraxkirurgi og brannskade, med eit omfattande intensivmedisinsk tilbod. Ved å legge AMK-LA-funksjonen til regionsjukehuset, vil Helse Vest sikre ei god samling av kritiske beredskapsfunksjonar. 

Både Helse Førde og Helse Fonna og alle styreleiarane i helseføretaka i vest, meiner at denne funksjonen bør ligge på regionsjukehuset. Dette er og i samsvar med praksisen i dei andre regionale helseføretaka i Noreg. Også vår region må ha eit hovudsjukehus som skal sikre maksimal kapasitet og slagkraft slik at det kan tene heile regionen effektivt, når situasjonen krev det. Ved å leggje AMK-LA til Helse Bergen vil både flytryggleik og pasienttryggleik bli godt ivaretatt.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713