Vil gjere leverandørar betre rusta i konkurransen om offentlege anbod

Knutepunkt Sogn og Fjordane inviterer næringslivet i fylket til konferansen ”Offentlege innkjøp – nye mogelegheiter for næringslivet” på Skei Hotell 23. mars 2011. Målet med konferansen er å auke kunnskapen om det offentlege og gje ei grundig innføring i korleis svare på anbod.

– Grunnen til at vi gjennomfører denne konferansen er at ei rekkje leverandørar har gitt uttrykk for at dei tykkjer det er vanskeleg å finne og svare på offentlege anbod. I tillegg meiner mange det er ei utfordring å nå opp som leverandørar, seier prosjektleiar for Knutepunkt Sogn og Fjordane, Ylva T. Tyssing.

Korleis påverke offentlege anbod

Knutepunkt Sogn og Fjordane tek tilbakemeldingane frå næringslivet på alvor og inviterer difor til konferansen på Skei Hotell 23. mars. Hovudfokus vert å auke kunnskapen om offentlege anbod, og få fram kva sjansar leverandørane har til å påverke desse.

– I tillegg ønskjer vi at interesserte verksemder sender oss problemstillingar som er relevante for dei, og som dei ønskjer at vi skal setje søkjelyset på. Programmet vi har sett opp, er difor førebels og kan verte endra, seier Tyssing.

Både påmelding og problemstillingar, må sendast til Tyssing på e-post ylva.tyssing@sfj.no.

Knutepunkt Sogn og Fjordane

Fagleg støtteteneste for verksemder som treng råd og rettleiing innanfor miljø og samfunnsansvar, samt innanfor regelverket for offentlege innkjøp.
Tenesta er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, og det er fylkeskommunen som har ansvaret for den praktiske drifta av tenesta.

Les meir om Knutepunkt Sogn og Fjordane her.

Førebels program:

10.00 Velkomen – Introduksjon av Knutepunkt Sogn og Fjordane, ved Ylva T. Tyssing, prosjektleiar
Sogn og Fjordane

10.15 Offentlege anbod – ein jungel av krav og dokumentasjon, ved Siri R Heggenes, innkjøpssjef
Sogn og Fjordane fylkeskommune

12.00 Lunsj – buffet med økologiske alternativ

13.00 Kva feil gjer leverandørar oftast – og korleis unngå desse

14.00 Ein leverandørs bekjennelser

14.30 FAQ : Leverandørane sine spørsmål, ved Kjersti Døssland, juridisk rådgiver

15.15 Miljøsertifisering – ein fordel i prosessen, ved Elisabeth V Helseth

15.45 Avslutning – Komande anbod i Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Sogn og Fjordane FellesInnkjøp

For meir informasjon, ta kontakt med:

Ylva T. Tyssing
Prosjektleiar Knutepunkt Sogn og Fjordane
E-post: ylva.tyssing@sfj.no
Telefon: 57 65 61 97

Del dette:

Relaterte lenker