Somarstova på heimdalstrand
Somarstova på heimdalstrand

Sommarhuset på eigedomen Heimdalstrand er dekorert med utskjeringar av Ivar Høyvik. Foto: Arlen Bidne/Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Vil frede Heimdalstrand

Hovudutval for næring og kultur vil frede eigedomen Heimdalstrand i Balestrand. Riksantikvaren tek den endelege avgjersla.

Føremålet med ei freding er å bevare Heimdalstrand som eit arkitekturhistorisk og kulturhistorisk viktig døme på ein kunstnarbustad i dragestil. Eigedomen er også nært knytt til utviklinga av turismen på Vestlandet.

Balestrand var rundt 1900 ein kunstnarkoloni, der kunstnarar frå Europa kom for å måle fjell og fjord.

Autentisk eksteriør og interiør

Heimdalstrand vart bygt av målaren Emma Normann Pastor og ektemannen og forfattaren Willi Pastor i 1910. Emma Normann og seinare dottera Helga Normann brukte eigedomen om sommaren. Dei arbeidde og selde arbeida sine til turistane som kom til Balestrand i sommarsesongen. Etter at Helga Normann døydde i 1987, har huset vore lite brukt, og står i dag i stor grad slik det var då ho brukte det.

Eigedomen, som ligg langs Esefjorden, er svært autentisk i både eksteriør og interiør.

Nye eigarar set istand

Heimdalstrand fekk nye eigarar i 2015, og fylkeskommunen har ein god dialog med dei om fredingsprosessen, som grip inn i den private eigedomsretten. Dei nye eigarane har starta arbeidet med å setje i stand både sommarhuset og stabburet på eigedomen. Til no har dei gjennomført ei drenering av eigedomen, sikringstiltak på stabburet, reparert grunnmuren på sommarhuset og har starta opp arbeidet med tak og veranda på sommarhuset.

Hovudutval for næring og kultur har tidlegare i år løyvd 1,5 millionar kroner til istandsetjing av sommarhuset og 170 000 kroner til stabburet.

For meir informasjon

Karen Marie Hjelmeseter
leiar, hovudutval for næring og kultur
karen.marie.hjelmeseter@sfj.no
918 47 736

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00