Vil erobre toppen

Etter eitt år på 7. plass ynskjer fylket å atter ein gong stå på toppen av trona når det gjeld givarglede.

NRK sin TV-aksjon kan feire 40 år i år, og har i løpet av desse åra samla inn over sju milliardar kroner som dugnads- og solidaritetshjelp frå det norske folk.

I år er det Kirkens Nødhjelp som er mottakarane for innsamlingsaksjonen som går av stabelen 19. oktober. Målet deira er å samle inn nok pengar til å kunne gi minst ein million menneske livslang tilgang på reint vatn.

– Utfordring

Sogn og Fjordane har i mange år trona øvst på toppen når det gjeld givarglede, men i fjor raste fylket ned til 7. plass.

– Det må vi ta som ei utfordring. Vi vil hamne øvst på lista igjen. Dette klarar vi, seier ein optimistisk fylkesordførar, Åshild Kjelsnes.

Kristin Sandal, fylkesaksjonsleiar i Sogn og Fjordane, er einig med fylkesordføraren.

– I Sogn og Fjordane er vi eineståande på bøsseinnsamling. Vi klarar å få nok bøsseberarar og samlar inn mykje pengar på aksjonsdagen. Dette har vi gjort at vi i mange år har toppa landsstatistikken, og det skal vi gjere igjen, seier Sandal.

– Må engasjere næringslivet

Dei siste åra har det vore ein stor satsing på å engasjere næringslivet i større grad. Sandal meiner Sogn og Fjordane kan bli betre.

– Dette arbeidet er langsiktig, men vi ser at det sakte men sikkert har blitt eit engasjert næringsliv over heile landet. Dette gir utslag på pengebeløpa som kjem inn, seier ho.

Sandal trur vidare at desse utslaga kan vere noko av grunnen til at Sogn og Fjordane har falle på statistikkane.

– I nokre fylker har dei klart å få inn store summar frå bedrifter og organisasjonar som gjer at dei klatrar på statistikken. I Sogn og Fjordane kan vi framleis bli betre på dette området. Vi vil ha med næringslivet i større grad, seier ho.

Ho oppfordrar både privatpersonar og næringslivet til å ta i eit tak:

– Bli med på årets viktigaste søndagstur! Ved å berre bruke to timar med å gå med bøsse er du med å endre livet til mange menneske. Berre 200 kroner gir éin person varig tilgang til vatn.

Kontaktperson:

Kristin Sandal
Fylkesaksjonsleiar i Sogn og Fjordane
TV-aksjonen NRK Kirkens Nødhjelp 2014
Mob: 952 85 015
E-post: sognogfjordane@tvaksjonen.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut