Vil at ”dei stille stemmene” skal bli høyrt

- Det er mange grupper i befolkningen som ikkje har sterke talspersonar, dei gjer seg lite gjeldande i samfunnsdebatten og er ikkje med når avgjerder blir tekne. Vi kallar dei ”stille stemmer”, for dei blir som oftast ikkje høyrt. Det vil vi gjere noko med, seier Emma Bjørnsen, koordinator for Folkehelseprogrammet i Sogn og Fjordane.

Som ledd i folkehelsearbeidet inviterer fylkeskommunen til eit to-dagars kurs i PLA-metoden (Participatory learning and action). Kurset blir halde på Sogndal Hotell 4. og 5. mai 2006. Kurset gir innføring i tenkinga og dei grunnleggjande elementa i metoden, noko som mellom anna kan brukast på arbeidsplassar.

Kurset høver for alle som jobbarmed menneske i kommunen, helseinstitusjon, privat næringsliv, skulen og barnehagar, psykiatrien, kultursektoren, førebyggande helsearbeid, o.a. Også folk som rettleiar, er i leiar-stilling, er utviklings/endringskonsulent eller sakshandsamar, vil ha nytte av å lære denne metoden. Det er mange moglegheiter for å tilpasse PLA-metodikken for eige arbeidsområde.

Meir medverknad

Makt og maktforskyvning er viktige element i PLA-metoden, som fremjar eit menneskesyn med likeverdig tenkning og medverknad i fokus.

PLA-metodikken er eit verktøy som nettopp skal fremje likeverd mellom folk og sikre reell medverknad til grupper som vanlegvis ikkje kjem til orde i samfunnet. Som regel er det ”fagfolk”, eller dei med høgare utdanning og status som legg premiss for ein læringsprosess eller eit utviklingsarbeid. I medverknads-basert arbeidsmetodikk er ein opptatt av å snu dette.
Læring og utvikling skal skje gjennom at ”alle” som blir ramma av endring også blir involverte, så langt det let seg gjere.

Praktisk

Kurset vert halde av firmaet Sareptas AS (www.sareptas.no) ved Ruth Nesjeog er gratis, men deltakarane må betale eiga reise og overnatting.

Ved spørsmål, ring telefon 57 82 50 24 / 958 19 841

Påmelding til: emma.bjornsen@sf-f.kommune.no

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette