Viktig med samlingar for folkehelsekoordinatorane!

Partnarskap for folkehelse si haustsamling for folkehelsekoordinatorane vart avvikla på Skei Hotell 26. nov. Samlingane er ein viktig møteplass for koordinatorane i dei 20 partnarskapskommunane for folkehelse i fylket.

Å vere folkehelsekoordinator kan vere ein einsam jobb til tider, men svært omfattande og utfordrande. Difor vert møta med kollegaene i andre kommunar viktige. Korleis forankre og gjennomføre det lokale og regionale folkehelsearbeidet var eitt av tema for denne samlinga. I tillegg vart to viktige satsingar på lågterskel tilbod innan fysisk aktivitet på dagtid presentert, der Ane Solbrå fortalde om "Frisklivssentralen" i Sogndal og Atle Skrede om "Aktiv på Dagtid" i Førde. Dette er to konsept som kan tilpassast tilhøva i den enkelte kommune.

Partnarskap for folkehelse ysnkjer å stimulere til at alle kommunane etablerer dagtilbod innan fysisk aktivitet for inaktive.

Sjå presentasjonane av "Frisklivssentralen" v/Ane Solbrå og "Aktiv på Dagtid" v/Atle Skrede

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette