Viktig å bli klar over moglegheitene i Sogn og Fjordane

Mange studentar var innom standen fylkeskommunen hadde på Karrieredagen i Bergen 6. september, blant andre 22 år gamle Silje Marita Vallestad frå Viksdalen. – Eg opplever at det er spennande jobbar i Sogn og Fjordane, og det viktig at vi som studentar blir klare over moglegheitene som finst, seier ho.

Både Sogn og Fjordane fylkeskommune og Framtidsfylket møtte mange spennande studentar i samband med Karrieredagen til den tverrfaglege studentorganisasjonen Springbrettet i Grieghallen. Til saman var fleire tusen studentar innom messa, og 96 bedrifter stilte med stand.

Formidlar mangfaldet i fylket

Studentar frå både Sogn og Fjordane og andre deler av landet fekk sjansen til å bli betre kjende med fylket og arbeidsplassane her.

– Det er veldig viktig for fylkeskommunen at vi er på slike messer, for å formidle mangfaldet i arbeidsplassar både innan fylkeskommunen og i fylket som heilskap. Det er mange som ikkje veit kva oppgåver fylkeskommunen har, og blir interesserte når dei høyrer at vi har arbeidsoppgåver som dekkjer veldig mange fagfelt. Det viktig å spreie denne informasjonen vidare til framtidas arbeidstakarar, for utfordrande jobbar er kjempeviktig for studentane, seier rådgjevar Lisbeth Bringebøen i næringsavdelinga.

Ho er ein av tre tilsette i fylkeskommunen som var på plass på Karrieredagen, og er særleg oppteken av å formidle at Sogn og Fjordane er meir enn flotte fjellturar og skiopplevingar i verdsklasse. Fylkeskommunen deltek også på arbeidslivsdagane 27.september i Oslo.

Spennande trainee-ordning

Ei av dei som kan sjå føre seg å flytte heim etter fullført utdanning er Silje Marita Vallestad frå Viksdalen. Silje tykte det var bra å møte organisasjonar frå Sogn og Fjordane i Bergen.

– Eg synest det var kjekt å sjå at også organisasjonar frå Sogn og Fjordane har stand på Karrieremessa, og har lært mykje nytt om kva som skjer i fylkeskommunen. Trainee-ordninga til Framtidsfylket verkar spennande, og eg håpar at ordninga utviklar seg vidare og dekkjer endå fleire fagfelt. I tillegg var det kjekke folk som stod på stand, seier ho med eit smil.

Framtidsfylket var godt representerte på messa, med to tilsette og tre representantar frå fjordårets trainee-kull. Dei opplevde at svært mange studentar var interesserte i kva dei har å tilby, og ser stor nytte i å vere tilstade på slike rekrutteringsmesser.

Må møte dei unge på deira arenaer

– Ein naturleg del av å jobbe med rekruttering av unge menneske med høgare utdanning, er å møte dei på dei arenaene der dei deltek. Vi får glimrande moglegheiter til å snakke med mange personar på ein slik dag som Karrieredagen, og vi får kontakt med mange som kan sjå framtida si i Sogn og Fjordane, oppsummerer Alice Blålid frå Framtidsfylket AS.

Dagleg leiar Anne Orschoot er einig og tilføyer: – Ikkje minst er det veldig viktig at vi er representerte på ein slik messe. Der møter 90 av dei mest ambisiøse bedriftene i Norge, og er ikkje vi der, så blir vi gløymde, slår ho fast.

For meir informasjon, ta kontakt med Jan Erik Weinbach, rådgjevar ved rådmannen sin stab. E-post: Jan-Erik.Weinbach@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker