Foto som syner leikefigurane Playmobile i undervisningssituasjon. Ein figur står ved ei tavle, medan to sit ved pultane sine.
Foto som syner leikefigurane Playmobile i undervisningssituasjon. Ein figur står ved ei tavle, medan to sit ved pultane sine.

Illustrasjon: facethebook/www.pixabay.com

Vidaregåande opplæring for vaksne hausten 2017

Alle vaksne over 25 år som ikkje har fullført vidaregåande opplæring tidlegare, har rett til gratis vidaregåande opplæring spesielt tilpassa vaksne. Hausten 2017 har vi ledige plassar i ei rekke fag.

Vi har ledige plassar i desse faga:

Dei vaksne har til vanleg rett på opplæring fram til ønska sluttkompetanse og har òg rett til å få vurdert realkompetansen sin. Vaksne utan rett kan òg få opplæring, så langt det er ledig kapasitet.

Du søkjer vidaregåande opplæring for vaksne på vigo.novidaregåande opplæring for vaksne/realkompetansevurdering.

Er du usikker på kva opplæring som passar for deg, eller ynskjer generell karriererettleiing, bestill rettleiingstime på www.karrieresfj.no.

All opplæring i regi av Sogn og Fjordane fylkeskommune er gratis. Dersom du har spørsmål knytt til tilboda, kan du ringe 57 63 83 09 eller 57 63 80 24.

Vi har frå hausten 2017 ledige plassar i desse faga

Fag til generell studiekompetanse – nettbasert med samlingar på ettermiddag

  • Norsk, matematikk, historie og naturfag med undervisningsstad Førde, Eid og Sogndal.
  • Engelsk i Førde og Skei. Ansvarleg Hafstad vidaregåande skule
  • Samfunnsfag vert tilbydd som nettundervisning  ved nettskulen Ask undervisning (gratis for dei med rett til vidaregåande opplæring).

Undervisninga er nettbasert med samlingar. I norsk, historie, naturfag og matematikk kan du velje å delta på samlingar i Førde, Sogndal eller Nordfjordeid. I engelsk er samlingane i Førde og på Skei. Det er ei samling ca. kvar tredje veke i kvart fag. Samlingane er på ettermiddagstid, og kan såleis kombinerast med jobb.

Vi tek atterhald om at det vert nok deltakarar til å ha undervisning alle stadene.

2-årig opplæring i fag til generell studiekompetanse/fellesfag til yrkesfag – dagtid

Hausten 2018 startar vi opplæring på dagtid i desse faga til generell studiekompetanse:

  • Norsk – 5 veketimar, avsluttast vår 2019
  • Engelsk – 3 veketimar, avsluttast vår 2019
  • Matematikk 1PY– 3 veketimar, avsluttast vår 2018 – held fram med 2PY haust 2018
  • Samfunnsfag – 2 veketimar, avsluttast vår 2018
  • Historie – 4 veketimar, avsluttast vår 2018

Ansvarleg Hafstad vidaregåande skule. Deltakarane får elevstatus og standpunktkarakterar. Norsk hovudmål har obligatorisk skriftleg eksamen, i andre fag kan du bli trekt ut til skriftleg eller munnleg eksamen.

Engelsk, matematikk 1PY og samfunnsfag kan òg følgjast av deltakarar som går yrkesfaglege utdanningsprogram.

Fellesfag i yrkesfaglege utdanningsprogram – nettbasert med samlingar på ettermiddag

Matematikk, naturfag og engelsk – Undervisninga er nettbasert med samlingar. I naturfag og matematikk kan du velje å delta på samlingar i Førde, Sogndal eller Nordfjordeid. I engelsk er samlingane i Førde og på Skei. Det er ei samling ca. kvar tredje veke i kvart fag. Samlingane er på ettermiddagstid, og kan såleis kombinerast med jobb.

Ansvarleg Hafstad vidaregåande skule. Undervisninga er samordna med tilsvarande fag til generell studiekompetanse, men matematikk og naturfag blir avslutta i november/desember. Ingen fag har obligatorisk eksamen, men deltakarane kan trekkjast ut til eksamen i eitt eller fleire fag.

Norsk for yrkesfag vert tilbydd ved Mo og Øyrane vidaregåande skule i Førde. Opplæring på dag/ettermiddag etter avtale med deltakarar, 2–3 dagar i månaden.

Samfunnsfag vert tilbydd som nettundervisning ved nettskulen Ask undervisning (gratis for dei med rett til vidaregåande opplæring).

Vg1 helse- og oppvekstfag – programfaga

Innhald

Opplæringa gjev grunnleggjande kompetanse i programfaga på vg1-nivå. Opplæringa kan byggje på deltakarane sin realkompetanse, og sluttvurdering på vg1-nivå vert gjeve med standpunktkarakterar desember 2017. Opplæringa held fram med aktuelle programområde (t.d. helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeidar) på vg2 våren 2018.

Opplæringa høver godt for dei som har lite eller ingen arbeidspraksis i helse- og omsorgsfaga.

Organisering

Ansvarleg Firda vidaregåande skule. Komprimert opplæring 3-4 dagar i månaden, kombinert med nettundervisning. Undervisningsstad Sandane/Skei, undervisningstid vert, så langt det er mogleg, tilpassa deltakarane.

Avsluttast i desember 2017 – framhald aktuelle vg2 januar 2018.

Vg1 restaurant- og matfag – programfaga

Innhald

Opplæringa gjev grunnleggjande kompetanse i programfaga på vg1-nivå. Opplæringa vil byggje på deltakarane sin realkompetanse, og sluttvurdering på vg1-nivå vert gjeve med standpunktkarakterar juni 2018. Opplæringa held fram med aktuelle programområde (vg2 kokk/servitør eller matfag) hausten 2018.

Opplæringa høver godt for dei som har lite eller ingen arbeidspraksis i restaurant- og matfaga.

Organisering

Ansvarleg Mo og Øyrane vidaregåande skule. Opplæring 1–2 dagar i veka. Undervisningsstad Mo og Øyrane vidaregåande skule i Førde.

Vg2 IKT-servicefag

Innhald

Opplæringa gjev grunnleggjande opplæring i programfaga på vg2-nivå innan IKT-servicefaget, og er grunnlaget for fagbrev IKT-servicefaget. Inntakskrav er bestått vg1 i Reform-94 eller Kunnskapsløftet, eller tilsvarande realkompetanse. Alle utdanningspogram på vg1 er godkjende for inntak. Deltakarane vil få standpunktkarakterar i programfaga, og opplæringa vert avslutta med ein tverrfagleg praktisk eksamen vg2 IKT servicefag våren 2018.

Opplæringa høver òg for dei som har lite eller ingen arbeidspraksis innanfor fagområdet.

Organisering

Ansvarleg Mo og Øyrane vidaregåande skule. Komprimert opplæring 3–4 dagar i månaden, kombinert med nettundervisning. Undervisningsstad Mo og Øyrane vidaregåande skule Førde. Tidspunkt vert bestemt etter avtale med deltakarane. Inntakskrav: Formell eller realkompetanse frå aktuelle vg1.

Vg2 sal, service og tryggleik

Innhald

Opplæringa gjev grunnleggjande opplæring i programfaga på vg2-nivå, og er grunnlaget for fagbrev i kontor og administrasjonsfaget, salsfaget og tryggleiksfaget. Inntakskrav er bestått vg1 i service og samferdsel, eller tilsvarande realkompetanse. Deltakarane vil få standpunktkarakterar i programfaga, og opplæringa vert avslutta med ein tverrfagleg praktisk eksamen vg2 sal, service og tryggleik våren 2018.

Opplæringa høver òg for dei som har lite eller ingen arbeidspraksis innanfor fagområdet.

Organisering

Ansvarleg Mo og Øyrane vidaregåande skule. Komprimert opplæring 3–4 dagar i månaden, kombinert med nettundervisning. Undervisningsstad Mo og Øyrane vidaregåande skule i Førde. Tidspunkt vert bestemt etter avtale med deltakarane. Inntakskrav: Formell eller realkompetanse frå aktuelt vg1.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00