Vi treng kunnskap for å utvikle Sogn og Fjordane
Professor i statsvitskap, Bernt Hagtvet, frå Universitetet i Oslo deltek på miniseminaret, som vert på Hotel Alexandra i Loen 14. november.
Hagtvet har gjennom arbeidet i «Dannelsesutvalget» (2009) studert kunnskapsbehov, kunnskapsforankring og danning i samfunnsdebatten i Noreg. Han innleier seminaret med føredraget «Intellektuell og moralsk dannelse, et velberegnet slag i luften – eller en nødvendighet for fremtidens samfunn?».
Direktør Atle Hamar i Lotteri- og stiftelsestilsynet leier seminaret. Han er leiar for arbeidsgruppa som arbeider med ulike kunnskaps- og kompetanserelaterte tema i samband med den nye verdiskapingsplanen.
Deretter legg vi opp til debatt om kunnskap og andre utfordringar – korleis nyttar vi kunnskapen vi alt har?
Har du spørsmål, eller ønskjer å delta på miniseminaret, send ein e-post til ole.inge.gjerald@sfj.no.
Meir informasjon om miniseminaret.
Tid: 14. november kl. 17.00–19.30
Stad: Hotel Alexandra i Loen