Fotoet er vinnaren av fotokonkurransen om klimaomstilling
Fotoet er vinnaren av fotokonkurransen om klimaomstilling

Illustrasjonsfoto: Eric Sadorge

Vi søkjer om åtte millionar klimakroner

Fylkeskommunen og kommunane i Sogn og Fjordane har søkt Miljødirektoratet om til saman 8,2 millionar kroner til klimatiltak. Det har vore ei femdobling i tal søknadar frå i fjor.

Miljødirektoratet lyste i år ut 200 millionar kroner gjennom Klimasatsordninga. Då søknadsfristen gjekk ut 15. februar, var det kome inn til saman 574 søknadar om totalt 577 millionar.

21 av søknadane kjem frå Sogn og Fjordane. I fjor hadde fylket inne fire søknadar.

Vil ha auka ramme neste år

På landsbasis er det 221 fleire søknadar i år, samanlikna med i fjor, og det er søkt om 259 millionar meir.

– Det er kjekt å sjå at kommunane i fylket nyttar denne ordninga! At det har kome inn søknadar til nesten tre gonger så mykje som rammene til tilskotsordninga, viser at det er behov for støtte til klimatiltak ute i kommunane. Miljødirektoratet bør vurdere å utvide rammene til neste års utlysing, seier klimakoordinator i fylkeskommunen, Ida-Beate Mølmesdal.

Samling gav resultat

Fylkeskommunen arrangerte mot slutten av året i fjor ei samling for kommunane saman med Hordaland fylkeskommune, Rogaland fylkeskommune og Miljødirektoratet. Temaet for samlinga var utsleppsreduserande tiltak og Klimasatsordninga.

Kommunane fekk sjå fleire døme på store og små tiltak og prosjekt frå dei ulike fylka. Miljødirektoratet informerte om rammene og retningslinjene til tilskotsordninga, og kommunane kunne stille spørsmål knytt til planlagde søknadar.

Denne samlinga gav openbart resultat, då alle kommunane som deltok på samlinga, har sendt inn søknadar til Klimasatsordninga.


Foto frå konferansesal med mange folk samla rundt små langbord. På scena står ei kvinne i svart bukse og raud jakke. Presentasjonen ho har på skjermen har teksten Grøn skule
Foto: Ida-Beate Mølmesdal

Fylkeskommunal tilskotsordning

Det er venta at søkarane får svar seinast i juni. Kommunar som har søkt er Aurland, Bremanger, Eid, Flora, Gloppen, Høyanger, Jølster, Luster, Lærdal, Selje, Solund og Vågsøy kommune. Det er totalt søkt om 8 242 000 kroner.

Det er framleis mogeleg å søke  på den fylkeskommunale tilskotsordninga for klima- og miljøtiltak, neste søknadsfrist er 15. april.

Meir informasjon om den fylkeskommunale tilskotsordninga for klima- og miljøtiltak.

For meir informasjon

Synnøve Stalheim
plansjef
synnove.stalheim@sfj.no
478 97 260

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut