Lærlingmerket på Holen Installasjon
Lærlingmerket på Holen Installasjon

Holen Installasjon i Sogn var ei av dei første bedriftene i fylket som fekk på plass merkelappen i 2015. Foto: NELFO Sogn og Fjordane

Vi søkjer lærebedrifter

I desse dagar er mange elevar ute for å skaffe seg læreplass. Bedrifter som ikkje har sikra seg lærling kan bli lærebedrift og ein del av merkeordninga frå Kunnskapsdepartementet.

For bedrifter som enno ikkje har sikra seg lærling er no den rette tida.

Det er mange bedrifter i fylket som tek inn lærlingar, og som gjennom merkeordninga synleggjer at dei er med på utdanning av viktige fagarbeidarar som fylket treng.  Sogn og Fjordane fylkeskommune er og ei lærebedrift,  og kan smykke seg med merket som syner at bedrifta tek inn lærlingar.

Lærebedrifter som tek inn lærlingar/lærekandidatar får tilskot frå fylkeskommunen. Slik blir bedrifta godkjent som lærebedrift.

Om du sit i ei godkjent bedrift, men ikkje har klistra opp merket som viser at bedrifta tek eit viktig samfunnsansvar, kan du bestille og laste ned merket hos Utdanningsdirektoratet.

Målet med merkeordninga er å heve statusen for alle som tek yrkesfag, å få fleire bedrifter til å ta inn lærlingar og å gjere det lettare for forbrukarane å nytte lærebedrifter.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00