Foto som syner komiteen for TV-aksjonen 2015. Alle har på seg grøn t-skjorte med teksten Vi skal vokte regnskogen.
Foto som syner komiteen for TV-aksjonen 2015. Alle har på seg grøn t-skjorte med teksten Vi skal vokte regnskogen.

Fylkesaksjonskomiteen i Sogn og Fjordane er klare til innsats for å berge regnskogen, og håpar på stor gjevarglede frå folk i fylket.

Vi skal vakte regnskogen

TV-aksjonen NRK 2015 går til Regnskogfondets arbeid med å redde regnskog i nært samarbeid med menneska som bur der. Sjølve aksjonsdagen er 18. oktober.

Midlane frå årets TV-aksjon skal redde eit regnskogsområde større enn heile Noreg og Danmark til saman. For å markere starten på aksjonen, har fylkesmann Anne Karin Hamre som leiar av fylkesaksjonskomiteen i Sogn og Fjordane, hatt møte med komiteen som skal fronte aksjonen her i fylket.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes sit også i år i aksjonskomiteen og oppmodar heile fylket til å slutte opp om det viktige arbeidet med å redde regnskogen. Regnskogen forsyner verda med mat, vatn og medisinar, og bidreg til å stabilisere klimaet på kloden. Han er dessutan heimen til millionar av menneske, som vert drivne ut i fattigdom når skogen vert rasert.

Svært viktig sak

Det er i år 41. gang TV-aksjonen vert gjennomført. Denne gongen er det Regnskogfondet som er mottakar for innsamlingsaksjonen, og målet er klart: Innbyggjarane i Noreg skal samle inn nok pengar til å bevare nokre av verdas største regnskogsområde i Peru, Brasil, DR Kongo og på øya Ny-Guinea.

Fylkesmann i Sogn og Fjordane, Anne Karin Hamre, tykkjer det er viktig at folk i fylket bidreg til aksjonen.

– Å redde verdas regnskogar er avgjerande for å redusere naturkatastrofar, global oppvarming og fattigdom. Ved å verne regnskogen, vernar vi òg eit biologisk skattkammer som rommar 50–80 prosent av plante- og dyreartane på jordkloden, seier Hamre.

Komiteen er klar til innsats

Tradisjonen tru er fylkesaksjonskomitéen for TV-aksjonen i Sogn og Fjordane satt saman av menneske med ulik bakgrunn. Dei skal bidra til å synleggjere TV-aksjonen og skape gode resultat i fjordfylket.

Fylkesmann Anne Karin Hamre har i tillegg til fylkesordførar Åslaug Kjelsnes, med seg Siv Jorunn R. Hjellbrekke i LO, Olav Lunden i KS, Arne Osland og Judit Duas frå United World Collage, Geir Henning Høyheim i Sparebanken Vest, Rasmus Mo i Sogndal Fotball, Lin Hjelmeland frå Naturvernforbundet og Arve Sandal – Regnskogfondet sin ambassadør. 

Vil tilbake på topp

Sogn og Fjordane har i mange år trona øvst på toppen når det gjeld givarglede, men dei to siste åra har vi ikkje vore i toppen av statistikken.

– Det må vi ta som ei utfordring. Vi vil hamne øvst på lista igjen. Dette klarar vi, seier ein optimistisk fylkesmann.

Kristin Sandal, fylkesaksjonsleiar i Sogn og Fjordane, er einig med fylkesmannen.

– I Sogn og Fjordane er vi eineståande på bøsseinnsamling. Vi klarar å få nok bøsseberarar og samlar inn mykje pengar på aksjonsdagen. Dette har vi gjort at vi i mange år har toppa landsstatistikken, og det skal vi gjere igjen, seier Sandal.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut