Heim/Måløy vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Studiespesialisering/Vg2 Språk- samfunns- og økonomifag
Spraklab

Vg2 Språk, samfunnsfag og økonomifag

Dei valfrie faga kallar vi programfag, og dei er alle på 5 timar i veka. Du må ta 2 fag som du har over 2 år (til saman 10 timar per veke). I tillegg kan du velje eitt fag til, uavhengig av programområde. Totalt skal du ha 30 timar i veka i snitt dei tre åra. Dette tyder at om du t.d. har 35 t/v andre året, klarer deg med 25 t/v siste året.

Fellesfaga er

  • Norsk: 4 timar
  • Historie: 2 timar
  • Kroppsøving: 2 timar
  • Framandspråk: Fransk 1+2, eller tysk 2 (standpunktkarakter på vitnemål)
  • Matematikk 2P (Praktisk matematikk): 3 timar, standpunktkarakter på vitnemål (dei som vel programfag matematikk R1 skal ikkje ha dette fellesfaget)

Valfag

Internasjonal engelsk og samfunnsfagleg engelsk, marknadsføring og leiing, økonomistyring og økonomi og leiing, sosiologi og sosialantropologi, og sosialkunnskap.