Heim/Måløy vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Studiespesialisering/Vg2 Realfag
Elevar fordjupa i eksperiment

Vg2 Realfag

Dei valfrie faga kallar vi programfag, og dei er alle på 5 timar i veka. Du må ta 2 fag som du har over 2 år (til saman 10 timar per veke). I tillegg kan du velje eitt fag til, uavhengig av programområde. Totalt skal du ha 30 timar i veka i snitt dei tre åra. Dette tyder at om du t.d. har 35 t/v andre året, klarer deg med 25 t/v siste året.

Fellesfag/obligatoriske fag på Vg2 er tilsaman 15 timar pr veke. Resten av faga kan du velje sølv

Fellesfaga er

  • Norsk: 4 timar
  • Historie: 2 timar
  • Kroppsøving: 2 timar
  • Framandspråk: Fransk 1+2, eller tysk 2 (standpunktkarakter på vitnemål)
  • Matematikk 2P (Praktisk matematikk): 3 timar, standpunktkarakter på vitnemål (dei som vel programfag matematikk R1 skal ikkje ha dette fellesfaget)

Valfag

Matematikk R1, Fysikk 1, Kjemi 1, Biologi 1 og Teknologi og Forskningslære 1