Heim/Måløy vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Teknikk og industriell produksjon/Vg2 Maritime fag
Skulebas 1024 420

VG2 Maritime fag

VG2 Maritime fag er eit fylkesdekkande tilbod. Ynskjer du å starte ein spanande maritim karriere på havet, anten i styrhuset eller maskina? Då er dette linja for deg!

Etter vg2 maritime fag kan du reise om bord i lære som matros eller motormann på mange forskjellige typar farty som til dømes fraktebåt, ferje/cruisebåt, tankbåt, offshorefarty, brønnbåt eller slepebåt. Kanskje du ser føre deg ei karriere i Kystvakta? Forsvaret rekrutterer lærlingar som har gjennomført VG2 maritime fag, og skulen har eit samarbeid med forsvaret når det gjeld utplassering av elevar i løpet av skuleåret!

Opplæringen på VG2 omfattar fellesfag og programfaga dokumentasjon og kvalitet, drift og operasjon, skipstekniske tenester og prosjekt til fordjupning. Alle elevane skal dessutan gjennomføre grunnleggande tryggleiksopplæring, stroppekurs og kurs i varme arbeid. Fordelinga av matros/motormenn skjer etter skulestart. Det er viktig at du har gjort deg noen tanker om kva fordjuping du ønskjer før skulestart.

Eit godt samarbeid med fiskebåt- og offshorereiarar gjer at vi kan nytte desse moderne læringsarenaene i tillegg til det vi kan tilby på skulen. Vi ser det som svært viktige arenaer, og tilbakemeldingane frå båtane er også positive.

Elevar som startar på VG2 Maritime fag etter VG1 Elektro, må ha opplæring i ein del av dei mekaniske faga som ikkje inngår i utdanningsprogrammet VG1 Elektro.

Etter avlagt fagbrev kan du søkje studieplass ved teknisk fagskule maritim fagretning - fordjuping til dekkoffiser eller fordjuping til maskinoffiser. Etter fullført VG2 maritime fag (anten motormann eller matros), 2 år i lære om bord på skip og 2 års fagskule, kan du etter fullførd kadettid løyse høgaste maritime sertifikat, anten som sjøkaptein (D1) eller maskinsjef (M1).

Kontakt

Eivind Kåre Birknes

Avdelingsleiar Maritime fag
eivind.kare.birknes@sfj.no
976 72 355