Trevirke

Vg2 Byggteknikk

Har du lyst på eit fagbrev som tømrar, stillasbyggar, murar eller betongarbeidar? På Vg2 byggteknikk fordjupar du deg innan ei av desse retningane. Vi gjer større oppdrag for kundar og du får arbeidspraksis i ei eller fleire bedrifter utanfor skulen.

På Vg2 Byggteknikk lærer du om oppføring, ombygging og vedlikehald av bygningar og anlegg, og bidreg til å skape og bevare store samfunnsverdiar. Programfaga skal medvirke til å utvikle gode bo- og arbeidsmiljø, som tilfredsstiller samfunnet sine krav til bygningar, anlegg og konstruksjonar. Vidare skal programfaga bidra til å utvikle dyktige handverkarar og fagarbeidarar, som kan stimulere til auka verdiskaping og sikre trygge og miljøvennlege buforhold som skal bidra til å ivareta bærekraftig utvikling.