Heim/Måløy vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Naturbruk/Vg1 Naturbruk
Teinehaling naturbruk

Teinehaling naturbruk

VG1 Naturbruk (blå variant)

I opplæringa vert det lagt stor vekt på praksis ved bruk av skulen sine eigne opplæringsfasilitetar M/S Skulebas (havgåande fiskefartøy for line- og garndrift) og to mindre båtar for innaskjærs fiske, rigga med kombihalar for fiske med line, garn og teiner, og praksisutplassering på ulike oppdrettsanlegg og om bord i den havgåande fiskeflåten.

Målet med utdanninga er å gi grunnleggjande kunnskap om marine yrker for jobb om bord eller på land, lære om kustkultur, livet i havet og i fjæra, lære å orientere seg på land og til havs, lære om bærekraftig ressursforvaltning innan yrka, samt legge eit grunnlag for vidare utdanning ved fagskule, høgskule og universitet for dei som ønskjer det. Ved sida av grunnleggjande ferdigheiter i behandling av båt, fisk og ulike reiskapar, får du tryggleiksopplæring, stroppekurs og bli med på ulike sjøsportsaktiviteter.

Naturbruk er første steg på vegen til utdanning innan Fiske og fangst eller Akvakultur ved Måløy vidaregåande skule.