Vestlandsrådet på årsmøte i NORA

Komitémedlem i NORA –Nordatlantisk samarbeidsutval i regi av Nordisk Ministerråd – Nils R Sandal, deltek på vegne av Vestlandsrådet på årsmøte i NORA på Grønland 1 -3 juni.

NORA er er eit samarbeidsutvalet mellom Island, Grønland, Færøyane, og Kyst-Noreg. På agendaen står m.a. fordeling av tilskot til felles prosjektsamarbeid innan fiskeri, maritim næring, samferdsle, reiseliv, og IKT. Ei anna utfordring på møtet vil vere å starte arbeidet med å drøfte ny strategi fram til 2015. Ei utviding av samarbeidet mot Skottland og Canada er eit av spørsmåla her.

Kort om bakgrunn og mål for NORA

Frå 1996 har NORA – Nordisk Atlantsamarbeid – vore drivkrafta i arbeidet med å styrke samarbeidet i Nordatlantaren for å gjere regionen til ein kraftfull nordisk region basert på ein sterk og berekraftig økonomisk utvikling.

Dette vil ein gjere gjennom m.a. å skape og støtte politiske og faglege fora for å drøfte Nordatlantiske problemstillingar og utvikle felles strategiar og nettverk. NORA sine nordiske konferansar om demografiske utfordringar (Alta november 2009), Nordic Fashion Biennale i Reykjavik mars 2009, konferanse om ”Innovation in the Nordic Marine Sector”, og Nordatlantisk vinkel på klimaendringar gjennom ei eiga bok om emnet er døme på dette.

Eit anna mål er den meir prosjektretta aktiviteten som partnarar på Island, Grønland, Færøyane, og Kyst-Noreg deltek i. Det er to utlysingar for året og våren 2010 har det kome inn nærar 50 søknader. Fleire av søknadane er frå verksemder, forskingsinstitusjonar og organisasjonar frå Vestlandet, og prosjekta fordeler seg på havressursar (maritim og marin sektor), turisme, informasjons- og kommunikasjonsteknologi, transport og regionssamarbeid elles.

Nordisk Ministerråd og finansiering

Formelt er NORA ein mellomstatleg organisasjon under Nordisk Ministerråds regionalpolitiske samarbeidsprogram. Og det er Nordisk Ministerråd som i hovudsak finansierer NORA og med noe supplement frå Vestnordenfondene og frå dei fire deltakande landa – Færøyane, Island, Grønland og Kyst-Norge. Budsjettet var på nærmare 10 mill kroner i 2009. Noreg sin del består av kr 500.000 frå Kommunal- og regionaldepartementet og kr 100.000 kvar frå høvesvis Landsdelsutvalet (LU) og Vestlandsrådet.

Frå prosjekt til strategisk satsing – Canada og OECD

Mykje av verksemda i NORA har vore tufta på prosjektfinansiering. For våren 2010 gjeld dette alt frå prosjekt om lakselus (som Skretting Aquakultur og IRIS deltek i), fiskeri og samfunn (som SINTEF er partnar i), NOR-fish (NIVA og Marø Havbruk), til Gourmetourisme (som Havforskingsinstituttet er med i), torskehelse (Norsk Sjømatsenter), bærproduksjon ved hjelp av plasttunnelar (Njøs næringsutviklng) og folkemusikkprosjekt (med Ole Bull Akademiet) – for å nemne nokre der aktørar frå Vestlandet deltek. Ein føresetnad for prosjektdeltaking er at prosjektet har partnarar frå minst 2 land, helst alle dei fire NORA landa. Det er elles 50% prosjektfinansiering, resten må ein sjølv dekke.

Gradvis har NORA utvikla seg mot å bli ein meir strategisk-politisk organisasjon. Det at ein no er med å arrangerer fleire konferansar og møter om strategiske viktige tema, sjå over, er nok eit uttrykk for dette. Interessa mot å etablere strategiske partnarar i Canada og i Skottland er òg med å forsterke dette. Det må òg nemnast at NORA har engasjert OECD til å gjennomføre ein regional politisk analyse i NORA regionen nettopp for å sjå på dei strategiske utfordringane og muligheitene som ligg i regionen.

EU og deltaking i interregprogramm

Den tette koplinga mellom NORA og EU sitt NPP program (Nothern Periphery Programme) synest òg å spele ei positiv og dynamisk rolle. M.a. startar gjerne fleire av kystnoreg sine prosjekt ofte som forprosjekt i NORA og går vidare som fullverdig prosjekt innan NPP programmet. Eit døme her er Gulatingprosjektet som fekk støtta frå NORA og som no er ein del av EU sitt interregprogram gjennom NPP.

Strategisk kystsamarbeid mot nord

Vestlandsrådet deltek i NORA saman med Landsdeltutvalet for Nord Noreg (Nord-Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark), og til saman utgjer vi Kyst-Noreg. Med omsyn til det aukande fokus på nordområde både nasjonalt, innanfor EU og i ein global kontekst, vil Vestlandet si deltaking i NORA truleg òg vere med å styrke den strategisk territorielle dimensjonen.

NORA sitt tematiske fokus med havressursar, klima og miljø, reiseliv, transport og IKT burde òg samsvare nokså godt med Vestlandet sine strategiske satsingar. Den rurale dimensjonen som ligg både i NORA og like mykje i NPP programmet, samsvarer òg godt med Vestlandet.

Fylkesordførar Nils R Sandal er ein av tre representantar frå Noreg som sit i NORA komiteen

Del dette:

Relaterte lenker