Vestlandsrådet – fråsegn om Stad skipstunnel

Vestlandsrådet meiner det er avgjerande viktig at ein snarast får lagt fram ei eiga sak til Stortinget om Stad skipstunnel. Bakgrunnen er dei mange store og grundige utgreiingane som allereie er gjort omkring Stad skipstunnel.

Verdien av å få realisert Stad skipstunnel er ved fleire høve vist til som stor både med omsyn til generell samfunnsnytte, for auka tryggleik langs kysten, og miljøpolitisk.

Vestlandsrådet meiner derfor saka er tilfredsstillande utgreidd, og at det no er tid for handling!

Vestlandsrådet tolkar det slik at eit fleirtal i Stortinget ved fleire høve har signalisert at Stad skipstunnel må byggjast.

Vestlandsrådet registrerer at Kystverket tidlegare har konkludert med at stor profil, som er dimensjonert etter hurtigruteskipet ”Midnattsol”, er det beste alternativet når Stad skipstunnel skal realiserast. Rådet forstår det også slik at både Kystverket og LO peiker på den positive samfunnsmessige nytta ei slik løysing vil ha. Det at ein både unngår det farlege og vêrharde Stadhavet, og at ein vil få langt meir gods over på sjøvendt transport, peiker elles LO på som særs viktig.

Møte med fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen tidlegare i år, meiner Vestlandsrådet gav vidare grunn til å lite på at saka om Stad skipstunnel blir ferdig i løpet av 2010 og at ein får saka handsama i Stortinget snarast.

Med nye utgreiingar no fryktar Vestlandsrådet det er grunn til å bli uroa for at saka om Stad skipstunnel går ei usikker tid i møte. Rådet tolkar vidare at ei avsetting av kr 200 mill i slutten av perioden, ikkje forpliktar godt nok, men i verste fall kan resultere i ei utsetting av ei endeleg avgjersle til seinare.

Vestlandsrådet registrerer no eit veksande krav frå Vestlandet om at saka om Stad skipstunnel snarleg får ei endeleg avgjersle i Stortinget slik at ein slepp å gå lenger utan å vite lagnaden for dette viktige tiltaket på kysten vår.

Konklusjon
Vestlandsrådet meiner det er avgjerande viktig at ein snarast får lagt fram ei eiga sak til Stortinget om Stad skipstunnel. Bakgrunnen er dei mange store og grundige utgreiingane som allereie er gjort. Verdien av eit Stad skipstunnel er ved fleire høve vist til som stor både med omsyn til generell samfunnsnytte, for auka tryggleik langs kysten, og miljøpolitisk.

Vestlandsrådet meiner derfor saka er tilfredsstillande utgreidd, og at det no er tid for handling!

Kontakt leiar i Vestlandsrådet og fylkesordførar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Olav Bratland, tlf 91 38 57 76, eller sekretariatsleiar Trond Ueland, tlf 91 33 74 10, trond.ueland@sfj.no, for meir informasjon.

Del dette:

Relaterte lenker