Vestlandsjordbruket - Tom Tvedt ber om raskt møte med statsråd Lars Peder Brekk

Vestlandsrådet vedtok 13. januar 2011 ei samla fråsegn om utfordringar og muligheiter for “Vestlandsjordbruket” og om behov for ei sterkare regionalisering av landbrukspolitikken knytt til landskap, busetjing og produksjon.

Vestlandsrådet ønskjer å legge fram denne fråsegna saman med eit nærare bakgrunnsnotatet for Landbruks- og matdepartementet, og ber om at dette vert teke omsyn til i samband med arbeidet med ei ny landbruksmelding.

– Eg vurderer ei samla tilslutning om "Vestlandsjordbruket" frå alle dei fire fylkeskommunane, som eit sterkt uttrykk for kor verdifull denne næringa er - seier leiar i Vestlandsrådet, Tom Tvedt. Det er med bakgrunn i nettopp dette Tvedt nå ber om å få eit møte med landbruksminister Lars Peder Brekk.

www.vestlandsraadet.no

Vedtak i Vestlandsrådet 13. januar 2011

Endeleg notat til landbruks- og matdepartementet

Kontaktinformasjon:

Tom Tvedt, Leiar i Vestlandsrådet , tlf 97 19 92 33
Trond Ueland, sekretariatsleiar, tlf 91 33 74 10

Del dette:

Relaterte lenker