fasgsh 7le 4
fasgsh 7le 4

Silje Drevdal/Statens vegvesen

Vestland lyser ut opp mot 100 ledige stillingar

Som følge av regionreforma blir administrasjon av fylkesvegoppgåver overførte frå Statens vegvesen til fylkeskommunane 1. januar 2020. I samband med det lyser Vestland ut opp mot 100 nye stillingar innan infrastruktur og veg.

Den nye avdelinga infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune skal ha 300 årsverk. I overkant av 200 er på plass frå Statens vegvesen og fylkeskommunane. Dei resterande stillingane vert no lyste ut, med arbeidsstad i Førde, Leikanger, Nordfjordeid, Odda, Voss eller Bergen. Søknadsfristen er 23. oktober.

Det er mange ulike typar stillingar som er ledige. Avdeling for infrastruktur og veg søkjer mellom anna etter juristar, HR-rådgjevarar, byggeleiarar og vegplanleggarar.

– Vi arbeider no med å bygge opp ein solid og kompetent vegadministrasjon, som skal løyse oppgåvene på  fylkesvegane. Dei som blir tilsette får store moglegheiter til å vere med å påverke og utvikle, seier Dina Lefdal, påtroppande direktør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune. 

Oppgåvene til avdelinga er å

  • planlegge, bygge ut, drifte og vedlikehalde om lag 5600 km fylkesveg
  • ivareta fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar
  • samordne aktørar med ansvar for trafikksikring i fylket
  • ivareta heilskapleg utbygging av transportinfrastruktur i arbeidet med Nasjonal transportplan
  • ha naudsynt beredskap i samband med hendingar på vegnettet

Alle stillingane finn du på vlfk.no/jobb

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
post@sfj.no