Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Bandet Hot Sidewalk frå Førde under ein tidlegare UKM-festival i Sogn og Fjordane. Foto: Martha Linnea Pukallus, UKM Media, Sogn og Fjordane fylkeskommune
Vestland får to UKM-festivalar i 2020
Den store Ung kultur møtest (UKM)-helga i Vestland i 2020 blir 24.–26. april. Då blir det UKM Vestland-festival i Nordfjordhallen i Måløy og på Voss kulturhus på Voss.
– Det blir store endringar for mange i 2020. Vi har difor valt å endre minst mogleg på UKM på fylkesnivå. Det er viktig at fylkesfestivalen er føreseieleg for både ungdommen som skal delta, og dei som har ansvar for arbeidet i kommunane. Så får eventuelle endringar kome etter kvart, seier Siri Ingvaldsen, seksjonssjef for kulturformidling i Vestland.
Brukar gamle fylkesgrenser
Det er difor naturleg å nytte dei gamle fylkesgrensene som styrande for kven som skal delta på kva festival. Deltakarar frå dagens Sogn og Fjordane deltek i Måløy, medan deltakarar frå dagens Hordaland deltek på Voss.
Kring 250 ungdommar er venta til kvar av festivalane, som begge vil ha sceneframsyningar, utstilling, workshops og sosiale aktivitetar for deltakarane.
UKM skal vere ein møteplass for ungdom mellom 13 og 20 år, der ein kan delta med alle slags kulturuttrykk, men også som konferansierar, i UKM Media eller som unge arrangørar. Ungdommane deltek først i eigen kommune. Påmeldinga til UKM 2020 opnar 1. november.
For meir informasjon
Eva Kristin Svidal
Sogn og Fjordane fylkeskommune
eva.kristin.svidal@sfj.no
911 69 693
Marianne Ose Askvik
Hordaland fylkeskommune
marianne.ose.askvik@hfk.no
489 95 258
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Ingebjørg Erikstad
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941