Foto frå signeringa av samarbeidsavtale mellom verdsarvområde i Noreg og Alaska. Representantane er samla framfor ein bre, med norsk og amerikansk flagg.
Foto frå signeringa av samarbeidsavtale mellom verdsarvområde i Noreg og Alaska. Representantane er samla framfor ein bre, med norsk og amerikansk flagg.

Bak frå venstre: Ingrid Dixon, Glacier Bay National Park Service (GLNPS), Scott Gende, GLNPS, Katrin Blomvik, Vestnorsk fjordlandskap (VNF), Erling Oppheim,VNF og Leif Inge Underdal, VNF. Framme frå venstre: Superintendent Philip Hooge, GLNPS, og Arne Sandnes, leiar av Verdsarvrådet. Foto: UNESCO/ Daniel Correia

Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap samarbeider med Alaska

Verdsarvområda Glacier Bay National Park i Alaska og Vestnorsk fjordlandskap har signert ein samarbeidsavtale.

Fjord- og verdsarvområda Glacier Bay ved National Park Service og Vestnorsk fjordlandskap ved Verdsarvrådet signerte avtalen laurdag 7. september framfor Lamplughbreen i Alaska.

– Det er verkeleg ei historisk stor hending at desse unike verdsarvområda no formelt styrkjer samarbeidet med mål om å ivareta og utvikle dei framifrå flottaste fjordlandskapa på kloden, seier leiar av Verdsarvrådet, Arne Sandnes.

Sogn og Fjordane fylkeskommune er medlem av Verdsarvrådet og medstiftar av Nærøyfjorden verdsarvpark.

Ønskjer betre forvaltning

Samarbeidsavtalen er resultat av ein prosess som starta etter ei oppmoding frå UNESCO sitt Verdsarvsenter i Paris og fyrste innleiande kontakt var i 2010. Denne kontakten la igjen grunnlaget for ei vitjing frå Glacier Bay til Geirangerfjordområdet og Nærøyfjordområdet i 2015 og med påfylgjande vitjing frå Vestnorsk fjordlandskap i 2016.

Sistnemnde var sterkt motiverande for Verdsarvrådet sitt pådriv mot nasjonale styremakter og Sjøfartsdirektoratet for ei betre forvaltning av verdsarvfjordane. Dette har så langt har resultert i eit regelverk som strengare regulerer utslepp til sjø og luft frå m.a. cruiseskipa.

I tillegg til eit mål om betre styring av cruiseindustrien i ei miljø- og berekraftig retning har samarbeidsavtalen ambisjon om å styrke forvaltninga av verdsarvfjordane gjennom utveksling av kunnskap og røynsler knytt til m.a. formidling/interpretasjon, involvering av barn og unge samt lokalsamfunnsutvikling/samarbeid mellom ei rekkje ulike aktørar.

For meir informasjon

Arne Sandnes
leiar Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap
arne.sandnes@norddal.kommune.no
976 69 990

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00