Foto av det gule bygget som rommar Quality Hotel Florø. Hotellet ligg heilt nede ved sjøen, og vi ser sjøen i framgrunnen. Det er overskya og litt blå himmel.
Foto av det gule bygget som rommar Quality Hotel Florø. Hotellet ligg heilt nede ved sjøen, og vi ser sjøen i framgrunnen. Det er overskya og litt blå himmel.

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Verdiskapinga i næringslivet i Sogn og Fjordane veks

«Regional analyse for Sogn og Fjordane 2018» er no tilgjengeleg på Fylkesspegelen. Her er det mykje interessant lesing, med informasjon både på fylkes-, region- og kommunenivå. 

Les heile rapporten på Fylkesspegelen.

Rapporten inneheld skildrande statistikk over samfunnstilhøve i fylket i 2017, blant anna om folketalsutvikling, bustadbygging, arbeidsplassutvikling, verdiskaping, produktivitet og pendling. Analysar av nærings- og bustadattraktivitet og prognosar for folketals- og arbeidsplassutviklinga er også presentert i rapporten. Her er det mykje interessant lesing, med informasjon både på fylkes-, region- og kommunenivå

Ei punktvis oppsummering av hovudpoenga er lista opp under, sjå rapporten for detaljar.

Nokre hovudpoeng i rapporten:

  • Næringslivet i fylket har hatt høg vekst i verdiskapinga, og er framleis blant dei mest produktive næringsliva i landet.
  • Del føretak som er lønsame er framleis større i Sogn og Fjordane, samanlikna med resten av landet.
  • Samanlikna med utviklinga nasjonalt, var det ein svakare vekst i tal arbeidsplassar i Sogn og Fjordane i 2017.
  • Bransjane med størst arbeidsplassvekst i fylket i 2017 var blant anna servering, fiskeri, utleige av arbeidskraft og olje- og gasstenester.
  • Etableringsfrekvensen av nye føretak i fylket var høgare i 2017, samanlikna med dei siste ti åra. Den er likevel lågare enn nasjonalt.
  • Positiv fødselsbalanse, men høgare nettoutflytting frå fylket enn venta. Høgare nettoutflytting enn venta hovudsakleg grunna flyktningar, tidlegare busett i fylket, som valde å flytte ut av fylket i 2017.
  • Nærings- og bustadattraktiviteten i Sogn og Fjordane var låg i 2017.

 

I tillegg til den skildrande statistikken er analysane av næringsattraktivitet og bustadattraktivitet interessante. Næringsattraktivitet er eit mål på arbeidsplassutvikling som tek omsyn til at kommunane og fylka har forskjellig næringsstruktur. Ved å ta utgangspunkt i den nasjonale vekstgraden for kvar næring kan ein estimere ei venta arbeidsplassutvikling i kommunar og fylke dersom alle næringane hadde hatt same vekstgrad som næringa nasjonalt. Næringsattraktiviteten er lik differansen imellom den venta og den faktiske arbeidsplassutviklinga.

Tilsvarande er analysane av bustadattraktivitet i kommunar og fylke basert på ei samanlikning av faktisk nettoflytting og venta nettoflytting. Den venta nettoflyttinga er gitt ved arbeidsplassutviklinga, pendlemoglegheitene og folketalet.

Telemarksforsking lagar også prognosar for framtidig arbeidsplassutvikling og folketalsutvikling. Prognosane er basert på føresetnadar om forskjellig grad av attraktivitet, og forskjellige strukturelle tilhøve.

Les meir om analysane av nærings- og bustadattraktivitet og prognosane for framtidig arbeidsplass- og folketalsutvikling i rapporten.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Frøydis Sæbø Steine
Trainee
froydis.sebo.steine@sfj.no
482 03 422

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette