Venke og Kjartan Olafsson frå Florø fekk Sogn og Fjordane sin fyrste Røykfri-pris!

Sogn og Fjordane sin fyrste Røykfri-pris vart utdelt under ei markering på Sunnfjord Medisinske Senter i Florø i går. Venke og Kjartan er pionerar og eldskjeler i det tobakksførebyggande arbeidet, seier Bjørg Eikum Tang om prisvinnarane

Folkehelserådgjevar Bjørg Eikum Tang hos Fylkesmannen overrekte i går prisen, som vart delt ut for fyrste gong, til ekteparet Olafsson for deira arbeid for å førebygge tobakk- og snusbruk. Gjennom Florø røykeavvenning har Venke og Kjartan drive røykesluttkurs i fleire år. Dei er viktige ressurspersonar på området i fylket, og delar si faglege kompetanse og sine praktiske erfaringar med andre ved si deltaking i ”Ressursgruppe for tobakksførebygging” som Fylkesmannen har koordineringsansvar for.

Del dette:

Relaterte lenker