Vellykka folkehelsesamling for partnarskapskommunane

2. mars vart den fyrste samlinga for folkehelsekordinatorane i 2010 arrangert. Fylkeskommunen har som ansvarleg for partnarskap for folkehelse i fylket gjennomfører 3-4 årlege samlingar for kommunane. Dette er ein viktig møteplass der dei tilsette kan utversle erfaringar og bli oppdaterte på det som skjer på feltet nasjonalt og regionalt, og på satsingar som kommune kan delta på.

Aktiviteten på det tverrsektorielle folkehelsearbeidet er i godt gjenge i kommunane som har teikna partnarskapavtale om folkehelse med fylkeskommunen. Kommunane jobbar målretta på område som psykisk helse, rus, fysisk aktivitet, overvekt, tryggleik, tannhelse, røyk og tobakk, kulturtiltak, frisklivssentralar, Aktiv på Dagtid, fritidstilbod for ungdom, musikkterapi, trafikktryggleik, danseverkstader, auka bruk av vatn og fisk og mykje, mykje meir.

Mange kommunar har jobba mykje med å forankre folkehelse på systemnivå, dvs i overordna planar og strategidokument, og i alle tenesteområda. Skular, barnehagar og sjukeheimar er viktige arenaer, og frivillige organisasjonar er sentrale samarbeidspartar som gjer ein betydeleg innsats i dei fleste kommunane.

Presentasjonar på samlinga: Nasjonale mål og hovedprioriteringar for 2010, Nytt ansvar, nye roller for fylkeskommunen, Informasjon frå fylkeskommunen, Nytt om folkehelse og førebyggande arbeid - Fylkesmannen, Embetsoppdraget for 2010 - Fylkesmannen

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette