Vellykka danseturnè for danseverkstadane i Sunnfjord!

27 unge danseinstruktørar frå sunnfjordkommunane Flora, Førde, Fjaler/Hyllestad, Naustdal og Askvoll gjennomførte ein vellykka turnè i pinsehelga med danseførestillinga "Dans Utan Grenser - sunnfjordkommunar på turnè"

Turneèn er eit samarbeidsprosjekt mellom dei deltakande kommunane, og er eit resultat av Danseverkstadetablering Sogn og Fjordane som 14 kommunar deltek i. Prosjektet er initiert av fylkesplanprogrammet "Folkehelse og livsutdfalding" i samarbeid med firmaet "Dans uten grenser". Premiæreforestillinga i Florø vart vist for full sal på Samfunnshuset. Åshild Kjelsnes, leiar i styret for folkehelseprogrammet, takka ungdomane for den fine opplevinga dei hadde gitt publikum og for den innsatsen dei har gjort som instruktørar for barn og unge i dei lokale danseverkstadane.

Dei 27 ungdomane har nemleg i 2 til 3 år vore danseinstruktørar for barn og unge i den kommunale Danseverkstaden. Dei gjennomførte instruktøropplæringa i 2006/2007 og bygde dei opp eit eige nettverk i Sunnfjord som har hatt stor verdi for dei.

Ungdomane har gjort ein fabelaktig innsats i sitt eige lokalmiljø, og avsluttar altså med denne fantastiske forestillinga som i tillegg til høg kvalitet også viste glede, fellesskap og samarbeid!

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette