Bilete frå øving med naudetatane på Fosshaugane campus i Sogndal. Politiet, ambulanse og brannvesen er på plass. Ute, snø på bakken.

Foto: Kristin Rundsveen/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Vellukka øving på Fosshaugane Campus

Det var både læring og godt samarbeid under beredskapsøvinga som vart gjennomført på Fosshaugane, Sogndal Campus, torsdag 14. mars.

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Vestland, politiet, Sogndal kommune, Høgskulen på Vestlandet og Sogndal Fotball har samarbeida om øvinga, der samhandling og dialog har vore i fokus. Varsling mellom aktørane på campus har vore eit av tema i løpet av dagen, og rektor Øle Jørgen Øygarden meiner dette er viktig.

– Dette må vi ta tak i, og vi skal få til å lage eit godt system for korleis vi varslar kvarandre.

Rolle- og forventingsavklaring har vore eit anna viktig område, og det har vore nyttig at representantar frå alle naudetatane møtte under diskusjonsøvinga der òg kriseleiingar frå alle dei vidaregåande skulane i fylket var med.

Når det gjeld samarbeidet framover, er eit av tiltaka som er føreslegne i dag, at alle aktørane som har tilhald på campus skal samarbeide om å utvikle gode varslingsrutinar, og er einige om at godt samarbeid innanfor beredskap er noko dei vil jobbe mot framover.

På ettermiddagen har naudetatane øvd scenario innan pågåande, livstrugande vald (PLIVO), som handlar om samarbeidet mellom politi, brannvesen og ambulansetenesta ved tilsikta hendingar som mellom anna terrorisme og sjølvdestruktive handlingar med bruk av vald mot andre.

Mange frå kriseleiingane som har øvd, deltok som markørar under øvinga til naudetatane.

– Det var sterke inntrykk, og utruleg lærerikt å delta som markør under den skarpe øvinga, seier driftsjef i Sogndal fotball, Nore Hjellhaug.

– Målet med prosedyra er at alle naudetatane skal samarbeide på ein tryggast mogleg måte for å beskytte befolkninga og yte rask, kvalifisert og koordinert hjelp, seier Arne Johannessen, politiinspektør i Vest politidistrikt.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut