Heile gruppa som deltok på møte er oppstilte ved Steinvik fiskefarm.
Heile gruppa som deltok på møte er oppstilte ved Steinvik fiskefarm.

Foto: Lena Søderholm/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Vellukka møte for Nordsjøkommisjonen i Florø

Sogn og Fjordane fylkeskommune var i april vertskap for eit møte i marin ressursgruppe i Nordsjøkommisjonen. Dei 13 deltakarane som kom frå ulike fylke og regionar i Noreg, Nederland og Skottland, hadde to travle og interessante dagar i Florø.

Nordsjøkommisjonen (NSC) er ein politisk organisasjon sett saman av regionar og fylke som grensar til Nordsjøen. Både politikarar og administrasjon deltok på møtet i Florø.

Kjelsnes leiar gruppa

NSC har ulike tematiske grupper, og Sogn og Fjordane fylkeskommune har i mange år vore aktiv deltakar i marin ressursgruppe (tidlegare kalla fiskerigruppa). Fram til juni er fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes konstituert leiar i gruppa. Kjelsnes meiner arbeidet så viktig og interessant at ho også stiller til val for å kunne halde fram i denne posisjonen.

– Det er veldig stas å få invitere marin ressursgruppe til møte i Florø denne gongen. Vi har møte kring i dei ulike regionane, og no ønskjer vi å vise fram litt av det som skjer her hjå oss, seier Kjelsnes.

Variert dag i Florø

Også vêret i Florø viste seg frå si beste side då møtet starta med ein båttur ut til visningssenteret til Steinvik Fiskefarm, der vi fekk ein god gjennomgang av produksjonen og ein titt på anlegget. Fleire av deltakarane hadde aldri vore på eit oppdrettsanlegg før og sette stor pris på dette.

Resten av dagen var lagt opp med ulike innlegg som gav nokre smakebitar der lokale bedrifter viste vegen fram mot ei grønare framtid. Her fekk vi presentasjonar om

  • sjøens Tesla v/Evoy
  • Noregs første hybride fiskebåt v/Ulvesund Elektro og Stad Yard
  • nye ingrediensar i fiskefôr v/Cargill Ewos

Avslutningsvis fekk vi ein presentasjon av Svanøy Røkeri, inkludert mange smaksprøvar som gjekk ned på høgkant.

Internt møte og orienteringar

Neste dag var i hovudsak sett av til internt møte. Her diskuterte gruppa mellom anna nye strategiske planar for arbeidet i Nordsjøkommisjonen og det vidare arbeidet med å implementere Nordsjøkommisjonen sin vedtekne plaststrategi. Som eit innlegg i denne diskusjonen fekk vi også ein presentasjon av Vestlandsrådet sitt prosjekt om marin forsøpling.

Vidare fekk vi ei orientering frå Fiskeridirektoratet om ordninga med utviklingskonsesjonar i lakseoppdrett. Møtet vart avslutta med ein presentasjon av kartlegginga av vandringsmønsteret for villaks og aure i Sognefjorden, eit prosjektet som er delfinansiert av fylkeskommunen.

Meir informasjon om Nordsjøkommisjonen på heimesida til organisasjonen.

Presentasjonar frå møtet i Florø

For meir informasjon

Lena Søderholm
marin fagkoordinator
lena.soderholm@sfj.no
970 35 449

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut