Velkomen til Måløy-symposiet 22. oktober

Dagen er sett av til oppstart av neste steg i arbeidet med Pilot Måløy 2013 – alternativ områderegulering og tettstadforming i Måløy. Det vert presentasjon av bakgrunn, stadanalyse med skisse til områdereguleringsplan, utforming av delområde i sentrum og skisse til klimatisering av kjøpegate i Måløy.

Det vert synleggjering av felles verdiar, allmenning og 1:1 skisse til klimatisering av torget, og ungdomen er invitert til å vise seg og sin plass i Måløy sentrum.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Vågsøy kommune, Eriksen Skajaa Arkitekter, Norconsult, Bjørbekk & Lindheim Landskapsarkitekter og Code Arkitekter.

Meir informasjon om Måløy-symposiet

For meir informasjon

Mona Elisabeth Steinsland
Sogn og Fjordane fylkeskommune
e-post: mona.elisabeth.steinsland@sfj.no

Joakim Skajaa
Eriksen Skajaa arkitekter AS
e-post: joakim@eriksenskajaa.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut