Velferdsgevinst av fysisk aktivitet i nærmiljøet

I løpet av eit heilt liv kan eit menneske få åtte kvalitetsjusterte leveår ved å auke aktivitetsnivået frå inaktiv til aktiv. Kvalitetsjusterte leveår er på sett og vis «ekstra» leveår. I praksis betyr det at fysisk aktivitet gjer at vi lever lenger og har fleire år med god helse og auka livskvalitet.

Helsedirektoratet verdset eitt kvalitetsjustert leveår til 500 000 kroner. Velferdsgevinsten inneheld blant anna mindre helse- og omsorgsutgifter og moglegheit for fleire år i produktivt arbeid.

Viktig å leggje til rette

– Fysisk aktivitet og helse heng nært saman. For å få til det, er eitt av dei viktige tiltaka å legge til rette for at unge og eldre kan bevege seg i trygge omgjevnadar i nærmiljøet sitt, seier fylkesdirektør Svein Arne Skuggen Hoff.

For å bidra til dette har fylkeskommunen og Fylkesmannen nyleg gjennomført kartleggingar i 15 kommunar om sentrumsnære turvegar som er, eller kan bli, tilrettelagt for alle.

Barn og unge ei utfordring

Barn og unge i Sogn og Fjordane seier sjølve at dei er mindre fysisk aktive enn landet elles.

– Dette er ei sentral utfordring i folkehelsearbeidet vårt. Vi manglar data om aktivitetsnivået til vaksne og eldre, seier Skuggen Hoff.

I Regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv er lett tilgang til enkelt friluftsliv og trygge skulevegar viktige mål for auka fysisk aktivitet.

Aldri for seint

Berekningane til Helsedirektoratet viser at det aldri er for seint å bli aktiv. Dersom til dømes ein 65-åring aukar aktiviteten frå inaktiv til delvis aktivt fram til 85 år, vil dei kvalitetsjusterte leveåra vere 1,7 år. Dette aukar til 3,5 kvalitetsjusterte leveår om aktivitetsnivået vert auka frå inaktiv til aktiv.

For sistnemnde person vil velferdsgevinsten vere på 3,65 mill. kr.

Les meir på nettsida til Helsedirektoratet

Regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv

For meir informasjon

Svein Arne Skuggen Hoff
fylkesdirektør
91 88 88 68
e-post: svein.arne.hoff@sfj.no

Emma Bjørnsen
fagkoordinator, folkehelse
e-post: emma.bjornsen@sfj.no
tlf.: 958 19 841

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette