Foto som syner ei oljeplattform i høgre biletkant. Resten av biletet syner blått hav og blå himmel. Foto: Harald Pettersen/Statoil

Foto: Harald Pettersen/Statoil

Vekst i Vest 2016

Petroleumskonferansen Vekst i Vest vert i år arrangert 17. november i Florø.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har også i år hovudansvaret for å arrangere konferansen, som no har vore eit årvisst arrangement sidan 2011. Det vert i år informasjon om Knarr-feltet, mogleg ny utbygging og framtidige moglegheiter i Florø – blant anna.

Nyttig nettverksarena

Vekst i Vest har utvikla seg til å bli ein nyttig nettverksarena, der bransjefolk og andre som har interesse i petroleumssektoren får høve til å oppdatere seg på kva som skjer i bransjen. Programmet er lagt opp med mest vekt på det som skjer i den nordlege delen av Nordsjøen – utanfor kysten av Sogn og Fjordane.

(Artikkelen held fram under biletet.)

illustrasjon Vekst i Vest 2016. Nordleg Nordsjø.jpg

Vekst i Vest vert i Flora samfunnshus 17. november. Det er også høve til å delta på konferansemiddag kvelden før.

Fullstendig program, påmelding og praktisk informasjon finn du her.

Nettverkssamling 16. november

Fylkeskommunen samarbeider med Maritim Foreining Sogn og Fjordane og Norsk Petroleumsforening Sogn og Fjordane om Vekst i Vest. Dagen før – 16. november – arrangerer Maritim Forening nettverkssamling i Flora samfunnshus. Tema for denne samlinga er «Grip moglegheita!», og innlegga er tilpassa den maritime leverandørindustrien i fylket. Dei som ønskjer å delta, treng ikkje vere medlem i Maritim Forening.

Program og påmelding for nettverkssamlinga finn du her.

For meir informasjon

Audun Erik Sunde
audun.erik.sunde@sfj.no
916 45 874

Del dette:

Relaterte lenker