Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger
post@sfj.no
Foto: Rolf M. Sørensen
Veg
Fylkesvegane knyter ulike delar av fylket saman og skal fungere som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre for trafikantar og næringsliv.
Det er 2648 kilometer fylkesvegar, inkludert gang- og sykkelvegar, og seks fylkesvegferjesamband i Sogn og Fjordane.
Ansvaret for fylkesvegnettet – kven kan svare?
Sogn og Fjordane fylkeskommune er vegeigar og har ansvar for
- overordna planlegging og strategiske spørsmål og budsjett
- prioritering av investeringstiltak og større vedlikehaldstiltak
- å vurdere alternativ transport ved vegstengingar
Statens vegvesen har ansvar for
- gjennomføring av vedtekne investeringsprosjekt
- daglege drifts- og vedlikehaldsoppgåver
- å vurdere vegstengingar og opning etter stenging
- å godkjenne private tiltak på vegnettet
- skilting
- fartsgrenser
Rammeplan for avkøyrsler og byggegrenser 2017 - 2020
Rammeplanen er ei intern rettesnor for sakshandsaming i Statens vegvesen på vegne av stat og fylkeskommune. Rammeplanen er ikkje juridisk bindande.
Rammeplanen skal vere eit verktøy for både kommunane og Statens vegvesen. Gjennom rammeplanen skal kommunane få kunnskap som kan nyttast både i arealplanarbeid og i handsaming av søknader som gjeld oppføring og plassering av bustader, foretningar, industriverksemder, skular m.m.
Rammeplan for avkøyrsler og byggegrenser
Ved hendingar på vegnettet eller spørsmål om veg og køyreforhold, kontakt Vegmeldingssentralen på telefon 175 eller sjekk vegmeldingane i Fylkesatlas.
Fylkesdirektør

Dina Lefdal
dina.lefdal@sfj.no
957 00 813