Elevar i atrium i skolebygg
Elevar i atrium i skolebygg

Elevar i atrium i skolebygg Picasa

Vedtok fråværsreglement

Hovudutval for opplæring vedtok 22. november fråværsreglement for dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane.

Utgangspunktet for det nye reglementet er det nasjonale fråværsreglementet, som no er tilpassa fylket.

Les heile fråværsreglementet for dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane.

Evaluering

Hovudutvalet vedtok også at det ønskjer ei sentral evaluering av fråværssaka og vil samordne den lokale evalueringa i Sogn og Fjordane med denne.

Hovudutvalet har handsama saka om fråværsreglementet fleire gonger tidlegare i haust, etter at det vart innført nye nasjonale fråværsreglar i haust. Dei nye reglane har skapt mykje debatt, både nasjonalt og i Sogn og Fjordane.

Kan bli endringar

Hovudutvalet vedtok i august eit eige, revidert fråværsreglement for Sogn og Fjordane. Det reviderte reglementet sa at obligatorisk køyrekurs ikkje skulle reknast mot ti prosent-grensa, og at rutinane for dokumentasjon skulle vere smidige. Vedtaket vart seinare kjent ulovleg av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Leiar for hovudutval for opplæring Karianne Torvanger og fylkesordførar Jenny Følling møtte i slutten av oktober kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen for å diskutere fråværsreglane.

Kunnskapsdepartementet har opna for at det kan bli endringar i fråværsreglementet, men understrekar at dette ikkje kjem til å skje i løpet av dette skuleåret.

For meir informasjon

Karianne Torvanger
leiar, hovudutval for opplæring
karianne.torvanger@sfj.no
996 06 484

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00