Foto som skal illustrere folkehelse. Det syner tre ungar på fjelltur. Den eine står og støttar seg til og legg steinar på ein liten varde, dei to andre plukkar bær i lyngen bak. Foto: Den norske turistforening/www.flickr.com

Trivsel er eit stikkord i den nye folkehelseplanen, då folkehelse handlar om meir enn helsetilstanden isolert. Foto: Per Tore Molvær, Den norske turistforening/www.flickr.com

Vedtok folkehelseplan

«Saman for god helse og trivsel» er visjonen i Regional plan for folkehelse 2015–2025, som fylkestinget vedtok 17. juni.

Trivsel er teke inn i visjonen i tillegg til helse for å streke under at folkehelse ikkje handlar om helsetilstanden isolert, men i like stor grad om opplevd trivsel.

Folkehelseplanen er ein regional plan, som skal gje retning for dei ulike aktørane som ønskjer å bidra til betre helse og trivsel for folk i Sogn og Fjordane. Mange har difor delteke i utarbeidinga av planen, slik at dei som faktisk skal gjennomføre tiltak, kjenner stor eigarskap til han. Folkehelse er eit område der både kommunane, fylkeskommunen og staten har ansvar – og der frivillige lag og organisasjonar kan gjere ein stor innsats.  

Folkehelsefylket

Senterparti-representanten Anders Ryssdal la vekt på samarbeid og ansvar i innlegget sitt om saka i fylkestinget.

– Sogn og Fjordane er folkehelsefylket, og fortener ein plan som fremjar blant anna trivsel, bulyst og blilyst. Det føregår veldig mykje på folkehelseområdet. Organisasjonar tek ansvar, kommunane har ansvar, og det har fylkeskommunen òg. Det forpliktar, slo Ryssdal fast.

Fem satsingsområde

Satsingsområda i Regional plan for folkehelse er:

  1. Lærande organisasjonar i plan og samfunnsutvikling
  2. Gode bu- og nærmiljø
  3. Helsefremjande barnehagar og skular
  4. Trivselsfremjande fritid
  5. Helsefremjande arbeidsliv

Regional plan for folkehelse 2015–2025
 

Del dette:

Relaterte lenker