Opplæring for vaksne

• Har du lang yrkeserfaring innan eit fag, men manglar formell kompetanse?
• Ynskjer du høgskuleutdanning, men manglar studiekompetanse?
• Måtte du avbryte vidaregåande skule som ung, og ynskjer å fullføre?
• Ynskjer du å få fagbrev, yrkeskompetanse eller studiekompetanse, men er over 25 år?

Då kan vidaregåande opplæring for vaksne vere aktuelt for deg. I boksane under kan du finne ut om du har vaksenrett og få generell informasjon om opplæring for vaksne. Du kan også ringe servicetelefonen vår og få den første rettleiinga.

Ring servicetelefon 404 30 100 måndag–torsdag kl. 12.00–14.00

Du kan òg sende spørsmål til e-post vaksen@sfj.no.

Opplæringstilbod 2019

Som vaksen kan du velje kva sluttkompetanse du ynskjer ut frå den praksisen og realkompetansen du har. Under står dei tilboda som er planlagde i 2019.

Dersom du har andre sluttkompetanseønske enn du finn i lista, kan du søkje det, òg, men då kan vi ikkje garantere tidspunkt for eventuell oppstart.

Det er viktig at du får god rettleiing før du vel sluttkompetanse, og at du som vaksen òg veit noko om behovet som arbeidslivet har.

Opplæringstilbod for vaksne vår og haust 2019:

Opplæringstilbod

Ansvarleg skule – stad

Oppstart

Norsk fellesfag for yrkesfag
komprimert ½ år

Firda vgs – Skei

Januar

Studiespesialisering

Hafstad vgs – Førde, Eid,
Sogndal

August

Vg2 bygg-/anleggsteknikk

Mo og Øyrane vgs – Førde

August

Vg2 transport og logistikk

Mo og Øyrane vgs – Førde

August

Vg2 barne- og ungdoms-
arbeidar

Mo og Øyrane vgs –
Førde/Sogndal

August

Vg2 kokk og servitør

Sogndal vgs –
Førde/Sogndal

August

Vg2 helsearbeidar

Mo og Øyrane vgs –
Sogndal/Førde

August

Vg1 helse og oppvekst

Mo og Øyrane vgs – Førde/Florø

August

Vg1 helse og oppvekstfag
komprimert 1/2 år
Firda vgs – Skei August

Merk: Nokre av tilboda står med fleire opplæringsstader. Dette betyr at opplæringsstad blir bestemt når søknadane er klare, og/eller at opplæringa vil veksle mellom ulike stader.

Vi tek atterhald om nok søkjarar for å setje i gang tilboda.

Tilbod som blir utlyst både for vaksne og ungdom

Det er fire grupper i tilbodet ved skulane som både ungdom og vaksne kan søke på. Halvdelen av plassane er sett av til ungdom og andre halvdelen til vaksne. Viss du søkjer eit av desse tilboda vil du også kome saman med personar som er under 25 år. 

Kombinerte opplæringstilbod

Ansvarleg skule – opplæringsstad

Vg2 sal, service og tryggleik

Flora vgs

Vg1 helse og oppvekst

Høyanger vgs

Vg1 bygg og anleggsteknikk

Stryn vgs

Vg1 service og samferdsel

Årdal vgs

Vi tek atterhald om nok søkjarar for å setje i gang tilboda.

Slik søkjer du

Alle vaksne søkjer på www.vigo.novidaregåande opplæring for vaksne/realkompetansevurdering. Her lastar du ned søkjarrettleiing før du går vidare. Du må ha MinID eller tilsvarande for å logge inn.

Du kan ikkje søkje direkte på konkrete opplæringstilbod, men må velje kva sluttkompetanse du ønskjer. Dersom du ønskjer eit konkret opplæringstilbod, skriv du det i kommentarfeltet  under sluttkompetanseønsket.

Korleis føregår opplæringa?

Opplæringa for deg med vaksenrett kan organiserast ulikt. Det er ofte samlings- eller nettbasert, og er ikkje nødvendigvis plassert på ein vidaregåande skule.

Opplæringa skal tilpassast livssituasjonen din i den grad det er mogleg, t.d. kan det vere mogleg å kombinere opplæring med jobb.

Rettleiing

Er du usikker på kva du vil jobbe med eller utdanne deg til? Då kan du ta kontakt med Karriere Sogn og Fjordane. Dei tilbyr gratis karriererettleiing for deg som ynskjer å skifte jobb eller ta utdanning, eller er i ein situasjon der du må tenkje nytt.

Der vil du få ein profesjonell karriererettleiingssamtale som kan hjelpe deg til å ta val. Denne tenesta er gratis for alle over 19 år.

Bestill rettleiingssamtale på www.karrieresfj.no. Her finn du òg meir generell informasjon om karriererettleiing og utdanning.

Ynskjer du vidaregåande opplæring for vaksne, må du få rettleiing om korleis du kan nå sluttkompetansen din på best mogleg måte før du sender søknad. Tilbod om slik rettleiing kan du få ved å ta kontakt med fylkeskommunen på servicetelefonen

Ring servicetelefon 404 30 100 måndag–torsdag kl 12.00–14.00

Du kan òg sende spørsmål til e-post vaksen@sfj.no.

Har eg vaksenrett?

Du kan ha rett til vidaregåande opplæring for vaksne dersom du

  • er over 25 år eller fyller 25 år i år
  • har fullført norsk grunnskule eller minimum 9 år grunnskule frå eit anna land
  • ...eller har realkompetanse tilsvarande norsk grunnskule
  • ...og ikkje fullført vidaregåande opplæring
  • ...eller ikkje fått godkjent vidaregåande opplæring frå eit anna land.

Kva har du då rett på:

  • Du har til vanleg rett på opplæring fram til den sluttkompetansen du ynskjer.
  • Opplæringa skal vere tilpassa din arbeids- og livssituasjon så langt det let seg gjere.
  • Opplæringa skal byggje på det du kan frå før (realkompetanse).
  • Du har rett på gratis opplæring, lærebøker og undervisningsutstyr, men ikkje gratis skyss.

For å få vurdert om du har vaksenrett, må du søkje på www.vigo.noVidaregåande opplæring for vaksne/realkompetanse.

Søkjarar utan vaksenrett

Dersom du ikkje har rett til vidaregåande opplæring for vaksne, kan du likevel få tilbod om opplæring der det er ledige plassar. Dersom du får tilbod om opplæring, kan du få fullføringsrett for å nå sluttkompetansen.

Dersom du ikkje har rett og er over 25 år, kan du få vurdert realkompetansen din. Du må då betale for dete sjølv, eller få det dekt av NAV/kommunen dersom dei har bede om ei slik vurdering.

For deg som er under 25 år:

Særlege grunnar

Du kan søke om å få opplæring tilpassa vaksne dersom du er under 25 år med ungdomsrett og har særlege, dokumenterte grunnar til ikkje å få opplæringa i ordinær vidaregåande skule. For å få opplæringa i tilbod for vaksne, må du først søke om skuleplass for ungdom gjennom www.vigo.noVidaregåande opplæring i skule/bedrift. Kryss av for at du ynskjer opplæringstilbod for vaksne, og send grunngjeving for kvifor du søkjer vaksenopplæring. Grunngjeving sender du elektronisk med e-dialog: http://www.sfj.no/edialog

Vidaregåande opplæring frå anna land

Er du under 25 år og har vidaregåande utdanning frå eit anna land som ikkje vert godkjend i Norge, må du først søkje om skuleplass for ungdom gjennom www.vigo.noVidaregåande opplæring i skule/bedrift. Kryss av for at du ynskjer opplæringstilbod for vaksne, og send dokumentasjon på gjennomført vidaregåande opplæring. Dokumentasjonen sender du elektronisk med e-dialog: http://www.sfj.no/edialog

Opplæringstilbod

Om du har særlege grunnar, eller om du ikkje har godkjend utdanning frå anna land, kan du få opplæringa saman med dei vaksne i dei faga vi til ei kvar tid tilbyr. Dette betyr at du ikkje går i ordinære «ungdomsklassar» på ein vidaregåande skule, men får opplæringa tilpassa vaksne.

Hugs at dette betyr at du ikkje får rett til spesialundervisning eller gratis skuleskyss.

Realkompetanse

Realkompetanse er all kunnskap og ferdigheiter du har fått gjennom arbeid, fritid og deltaking i samfunnsliv elles. Denne kompetansen kan fullt eller delvis dekke krava i læreplaner. Du kan få prøvd kunnskapane dine og få godkjent det du kan, i høve dei krav læreplanen stiller, og på denne måten få opplæringa avkorta.

Vurderinga av realkompetansen din skjer i møte med ein fagperson der du får vise kva du kan i faget du ynskjer opplæring i. Alle med rett til vidaregåande opplæring for vaksne, har rett til realkompetansevurdering dersom dei ynskjer det.

  • Realkompetansevurdering føregår på norsk eller samisk.
  • Realkompetansen din kan dokumenterast og godkjennast som likeverdig med heile eller deler av opplæringa. Du får dermed ikkje opplæring i det realkompetansevurderinga viser at du kan.
  • Du har rett til å få kompetansebevis som syner kva du har fått godkjend.
  • Er du over 25, men utan rett til vidaregåande opplæring for vaksne, kan du også søke om realkompetansevurdering. Du må då betale for dette sjølv eller få det dekka av NAV eller kommunen din.

Grunnskule

Har du ikkje dokumentasjon frå grunnskule i eit anna land, og du har behov for å dokumentere kva du kan, må du ta kontakt med kommunen din for å gjennomføre ei realkompetansevurdering på grunnskulenivå. Du kan få realkompetansevurdert eitt eller fleire fag som du kan trenge for å søkje vidaregåande opplæring.

Korleis søkje, fristar og dokumentasjon

1) Sjekk om du kan ha rett til vidaregåande opplæring for vaksne (sjå Har eg vaksenrett?)

2) Ta kontakt med fylkeskommunen om rettleiing før du søkjer (telefon 404 30 100)

3) Registrer søknaden på www.vigo.no – vidaregåande opplæring for vaksne/realkompetansevurdering. Dersom du ikkje har, eller ikkje kan skaffe dokumentasjon frå gjennomført skule i anna land, skriv det i merknadsfeltet i søknaden på vigo.no.

4) Send inn dokumentasjon på fullført grunnskule/realkompetanse på grunnskule, prøvebevis på norskkunnskapar, andre vitnemål, relevante kursbevis, attestar på arbeidspraksis og anna relevant dokumentasjon, både frå anna land og Noreg.

Dokumentasjonen kan sendast i brev til:

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Arkivtenesta
Askedalen 2
6863 Leikanger

Eller du kan sende inn elektronisk ved å nytte e-dialog: http://www.sfj.no/edialog  

Merk sendinga «Vaksenopplæring».

NB! Ikkje send inn fortrulege dokument på e-post!

Fristar

Du kan søkje om vidaregåande opplæring for vaksne på www.vigo.no kva tid som helst. Ver merksam på desse fristane:

  • Frist for søknad på tilbod med oppstart i august er 1. mars.
  • Frist for søknad på tilbod med oppstart i januar er 1. oktober.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Servicetelefon:
404 30 100
(måndag–torsdag
kl. 12.00–14.00)

E-post:
vaksen@sfj.no

Eksterne lenker

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00