qja 8vhu 8l 5

Foto: Magnar Egil Øren Gangsø

Vågsøy: Kletten

Dagsturhytta i Vågsøy er plassert på Kletten, i Deknepollen. Det er ein familievenleg tur til hytta. Hytta har sanitæranlegg og varme. 

Tilkomst og parkering

Hytta ligg i Deknepollen. Den har tre ulike tilkomstar. Ein frå Blålid, ein frå Kulen (rett før måløybrua), og den som er mest brukt, er tilkomsten frå Okshola.

  • Dersom du skal gå vegen frå Okshola, er det best å parkere ved Skavøypoll barnehage/skule. Følg vegen opp til øvre Okshola før stien startar. Denne turen tar ca. 30 minutter i normalt tempo.
  • Dersom turen startar på Kulen, er det best å parkere ved Asvo og gå langs vegen til starten på stien. Dette er ein kortare, men brattare sti til toppen. Turen tar ca. 15 minutter.
  • Stien frå Blålid er ikkje knytt til noko spesiell parkering, og tek ca. 35 min. å gå i normalt tempo.

Stien til hytta

Alle tre tilkomstane er familievennlege turar, men det er lettare terreng i turane frå Okshola og Blålid. Alle stiane er i kupert terreng. Turen frå Kulen er kort, men bratt. Dette er ein populær turtopp for familiar og er ein del av turane i vintertrimmen junior i regi av YNT (ytre Nordfjord Turlag). Hytta ligg rett nedanfor toppen på fjellet, og er på ca. 135 høgdemeter.

​Avstandar

  • Avstand frå Okshola: ca. 30 minutter gange
  • Avstand frå Kulen: ca. 35 minutter gange
  • Avstand frå Blålid: ca. 15 minutter gange (bratt)

Kontaktinformasjon 

Birte Sandal Rikstad, Vågsøy kommune

E-post: Birte.Sandal.Rikstad@vagsoy.kommune.no

Kart 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut