To kvinner og ein mann på ei scene der mannen tek i mot pris og blomar
To kvinner og ein mann på ei scene der mannen tek i mot pris og blomar

Gard Eithungjerde Høyvik tok imot Bedriftsutviklingspris i landbruket for 2016 på vegne av Ciderhuset. Fylkesordførar Jenny Følling og leiar i hovudutval for næring og kultur Karen Marie Hjelmeseter delte ut prisen. Foto: Matias Helgheim/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Utviklingspris til Ciderhuset

Innovasjon Norge sin Bedriftsutviklingspris i landbruket 2016 i Sogn og Fjordane går til Ciderhuset ved Åge Eithungjerde og Eli Grete Høyvik.

Prisen blir tildelt med bakgrunn i at bedrifta har utvikla eit driftskonsept som er originalt og basert på berekraftig innovasjon og nyskaping. Både drifta av sommarrestaurenten og drikkevareproduksjonen er eksempel på at reiselivsutvikling, kreativ næring og berekraftig produksjon kan gå «hand i hand». Ciderhuset byggjer verksemda på tydelege verdiar, og har opparbeidd seg eit godt rennomé, både i og utanfor fylket, og internasjonalt. Dette er eit resultat av nær kontakt med og tett oppfølging av kundane.  

Årets vinnar har utvikla seg til å verte ei mønsterbedrift. I tillegg til eigarane Eli Grethe Høyvik og Åge Eithungjerde, har neste generasjon, Gard Eithungjerde Høyvik og Tuba Ardic ein vesentleg del av arbeid og inntekter frå bedrifta som ansvarlege for sommarrestauranten. Det er svært positivt at neste generasjon er involvert og tek ansvar for deler av drifta.

Avgjerda i juryen var samrøystes. Prisen er på kr 50.000 og vart utdelt av juryleiar og leiar i hovudutval for næring og kultur, Karen Marie Hjelmeseter, under opninga av Fylkestinget i Førde tysdag 18. oktober.

Som prisvinnar i Sogn og Fjordane går Ciderhuset vidare som kandidat til Innovasjon Norge sin nasjonale Bedriftsutviklingspris, der vinnaren får 300.000,-

For meir informasjon 

Eli Grethe Høyvik
908 35 673 /
Gard Eithungjerde
984 77 765

Halvor Flatland
Innovasjon Norge Sogn og Fjordane
957 81 493

Karen Marie Hjelmeseter
Juryleiar og leiar i hovudutval for næring og kultur
918 47 736

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00