Foto av elevar som sit i eit klasserom og driv på med noko eksperimentering med eit apparat på eit bord.
Foto av elevar som sit i eit klasserom og driv på med noko eksperimentering med eit apparat på eit bord.

Foto: Focus UB

Uttale om justering av opplæringstilbodet

Fagopplæringsnemnda har no sett det utlyste opplæringstilbodet i samanheng med årets søkjartal til vidaregåande opplæring.

Hovudutval for opplæring skal justere opplæringstilbodet for skuleåret 2017–2018 i møtet 29. mars. Fagopplæringsnemda har no kome med ein uttale til hovudutvalet, om korleis nemnda meiner tilbodet bør justerast.

Fagopplæringsnemnda ser særleg på kvar læreplassane er, og er oppteken av å utdanne folk til næringar der det er behov for arbeidskraft. Nemnda oppmodar særleg nærings- og kulturavdelinga og hovudutval for næring og kultur om å setje i gang eit prosjekt eller tiltak for å få fleire søkjarar til fag som i dag manglar arbeidskraft.

Heile uttalen frå fagopplæringsnemda finn du i møteboka frå 16. mars.

For meir informasjon

Nils P. Støyva
leiar, fagopplæringsnemnda
nils.petter.stoyva@lo.no
911 03 124

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00