Utsleppsreduksjon ved transport

Eit av dei sentrale måla til fylkeskommunen er å oppnå klimagassreduksjon i tråd med nasjonale målsetningar.

Fylkeskommunen sin regionale planstrategi for 2016-2020 har som eit sentralt mål å oppnå klimagassreduksjon i tråd med nasjonale målsetningar:

«Fylket følgjer opp klimautfordringane gjennom reduksjon av klimagassutslepp og tilpassing til klimaendringane med mål som er tråd med nasjonale og internasjonale målsetjingar, bl.a. Paris-avtalen (2015)». [1]

Regional plan for klimaomstilling vart vedtatt i fylkestinget i juni 2018, og eitt av 8 plantema var «areal og transport». Overordna mål er; «Samordna areal-, bustad og transportplanlegging bidreg til reduksjon i klimagassutslepp og tilpassing til klima i dag og i framtida. Forsking, innovasjon og bruk av ny teknologi bidreg til låg- og nullutsleppsløysingar.»

Nasjonale transportetatar foreslår følgjande mål for utsleppsreduksjon ved transport (Henta frå NTP- Grunnlagsdokument s. 33)

Nasjonale mål utsleppsreduksjon

Med bakgrunn i dette peikar tre satsingsområde seg ut for Sogn og Fjordane:

  • Legge om til lav- og nullutsleppsteknologi i kollektivtransporten
  • Legge til rette for bruk av lav- og nullutsleppsteknologi ved person- og godstrafikk på veg.
  • Legge til rette for meir gåing og sykling

Etter vedtak av Regional transportplan har stortinget vedtatt ei norsk klimalov (LOV-2018-06-16-60- Lov om klimamål), som tredde i kraft 1. januar 2018. Denne lova har som formål å fremje gjennomføring av Noreg sine klimamål som del av omstilling til eit lågutsleppssamfunn i Noreg i 2050. Lova omhandlar utslepp og opptak av klimagassar som omfattast av Noreg sitt fyrste nasjonalt fastsette bidrag under Paris-avtalen 12. desember 2015. Klimamålet for 2030 er at klimagassutsleppa skal reduserast med minst 40 prosent samanlikna med referanseåret 1990. Klimamålet for 2050 er at Noreg skal vere eit lågutsleppssamfunn. Klimagassutsleppa i 2050 skal vere redusert med 80-95% frå utsleppsnivået i 1990.


[1] Regional planstrategi for Sogn og Fjordane 2016 – 2020, side 8 vedteke av fylkestinget 14.06.16.

Del dette:

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Relaterte lenker

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Ansvarleg eining

Samferdsleavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00