Utslepp frå kollektivtransport

Kollektivtransport utgjer ein vesentleg del av samferdslesektoren til fylkeskommunen. Kollektivtransport i denne samanhengen er ferje, lokale rutebåtar, hurtiggåande regionale rutebåtar og buss. 

Sogn og Fjordane fylkeskommune har moglegheit til å påverke klimagassutsleppa frå denne delen av transportsystemet mellom anna ved å definere krav til klima og miljø i anbod. 

Status

Den føreslegne nasjonale målsettinga er at all transport skal vere tilnærma utsleppsfri innan 2050, men det må skje ei gradvis utvikling fram mot dette. Til dømes er det foreslått at alle nye ferjer og hurtigbåtar vere utsleppsfrie innan 2030. Vidare er det krav om at 75 prosent av langdistansebussar skal vere nullutsleppskøyretøy innan 2030, og at alle bybussar skal vere utsleppsfrie innan 2025. Det vil krevje ei stor omstilling frå slik situasjonen er i dag, og dette krev langsiktig planlegging frå det offentlege si side.

Ferjer, bussar og båtar i fylkeskommunale ruter slapp ut 43,9 1000 tonn C02-ekvivalentar i 2015.  Tilsvarande tal for Møre og Romsdal og Hordaland er høvesvis 93,1 og 144,4. Den store skilnaden mellom fylka, utover folketal, skuldast hovudsakeleg fleire store ferjesamband på fylkesvegnettet i Møre og Romsdal, medan tala frå Hordaland viser særskilt meir utslepp frå buss.

Kollektivtrafikken i fylket slapp ut totalt 45,9 1000 tonn CO2-ekvivalentar i 2016 før det gjekk ned til 44,4 1000 tonn CO2-ekvivalentar i 2017. Ein forbrukte 16 691 768 liter diesel i 2017, ein monaleg nedgong samalikna med 2015 og 2016 (tabell under). Forbruket gjekk litt opp for lokalbåtar, medan ein har registrert ein liten nedgang i utsleppa for ferjer, hurtigbåtar og buss forhold til 2016.

Utslepp frå kollektiv, 2015-2017.PNG


Utslepp frå kollektiv, 2017.PNG
Tabell: Utslepp av CO2 frå ferjer, båt og buss som er under kontrakt med Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2017 (tala for buss i Sogn er frå 2016) (2,66 kilo CO2-ekvivalenter utslepp per liter forbruk[1])

Utsleppstala presentert i tabellen er eit godt utgangspunkt for å definere fylkeskommunale målsetjingar om klimagassreduksjon som oppfyller nasjonale mål. 


 


 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Ansvarleg eining

Samferdsleavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00