Utsendingane frå Ningxia drøfta samarbeid med Verdsgymnaset

Dei seks representantane frå Ningxia-provinsen i Kina avslutta vitjinga si i Sogn og Fjordane på Verdsgymnaset i Flekke i Fjaler. Der drøfta dei mogleg samarbeid for å komme vidare i arbeidet med å opprette eit verdsgymnas i Kina.

Provinsen Ningxia ønskjer at det skal bli etablert eit verdsgymnas der. Grunna finanskrisa og ulike vurderingar av organisasjonsmodellar har eldsjelene i Kina støytt på motgang i arbeidet sitt. Det kan no bli aktuelt, først å skipe eit verdsgymnas i Beijing, og deretter eit verdsgymnas nummer to for Kina i Ningxia. Samtalen med rektor John Lawrenson og andre representantar ved Verdsgymnaset i Flekke var difor viktig med tanke på å halde oppe trykket i arbeidet.

Siste dagen i vitjinga tok til på Sunnfjord Museum i Førde. Der vart delegasjonen orientert om organiseringa og drifta av musea i fylket vårt. Ferda gjekk så vidare til designbedrifta Transplant i Dale. Dei fortalde om korleis Transplant utviklar strategiar når det gjeld å nytte nye sortar materialar. Etter besøket gav kinesarane uttrykk for at dei var imponerte over den høge tekniske standarden ved Transplant.

Del dette:

Relaterte lenker