Illustrasjon frå eit byggjefelt i Stryn med snødekt veg, fjell i bakgrunnen og barn og vaksne som går på vegen.
Illustrasjon frå eit byggjefelt i Stryn med snødekt veg, fjell i bakgrunnen og barn og vaksne som går på vegen.

Frå arbeidet med stadutvikling på Hjelle i Stryn 2018. Vi ser Hjellehyrna til høgre i bildet. Illustrasjon: 3RW Arkitekter AS

Utlysing av tilskot til tettstadforming

Sogn og Fjordane fylkeskommune har sett av 2,7 mill. kroner i tilskot til tettstadforming i 2019. Alle kommunane i fylket kan søkje innan fristen 16. september.

Ordninga skal bidra til

  • å styrke lokal kompetanse knytt til tettstadforming og stadutvikling
  • sterkare involvering av lokalsamfunnet i planlegging og gjennomføring
  • å fremje vekst og utvikling i folketal, kultur- og næringsliv

Fylkeskommunen kan støtte arbeid med analysar, kartlegging og allmenne prosessar til grunnlag for kommuneplan og områderegulering. Vi kan støtte tiltak som er forankra i vedteken kommunal plan, mellom anna prosjektutvikling, prosjektering og opparbeiding. Vi støttar symposium, opne tverrfaglege arrangement og møteplassar for å utvikle ny kunnskap, styrke medverknad og utveksle lokal kunnskap, erfaringar og utfordringar i arbeidet.

Vi ønskjer at kommunane utviklar prosjekta sine i samarbeid og forståing med fylkeskommunen. Ta gjerne kontakt i god tid før søknadsfristen.

Kommunar kan søkje om støtte innan 16. september gjennom regionalforvaltning.no. Vi vil handsame søknadane etter kvart som dei kjem inn.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut